FolkleiarUng – eit treårig prosjekt for folkemusikarar mellom 15-23 år. No opnar søknadsportalen for prosjektår nummer to!  

FolkLeiarUng er eit prosjekt for folkemusikarar frå 15-23 år som ynskjer å utforske rolla som musikalsk leiar. Ei helg i halvåret samlast deltakarane med instruktørane Vegar Vårdal og Kristoffer Kleiveland. Prosjektet siktar på å gi deltakarane fagleg og musikalsk utvikling kor musikalsk leiing står i fokus. FolkleiarUng er eit treårig prosjekt som starta opp hausten 2021. No opnar søknadsportalen for prosjektår nummer to!  

Søknadsfrist: Søknadsfristen for prosjektåret 2022/2023 er 12. august.

Kva inneber FolkLeiarUng for deg som deltakar? 

Som deltakar i dette prosjektet vil du bli kjent med folkemusikarar frå alle kantar av landet. Du vil bli ein del av eit miljø for unge musikalske leiarar, og ikkje minst får du oppfølging gjennom året av Vegar og Kristoffer. På samlingshelgene vil deltakarane få fordjupe seg i alle dei ulike delane ved å vere musikalsk leiar. Nokon døme på dette kan vere: Korleis lære bort ein slått? Skal den arrangerast? Korleis leier du ein gjeng som spelar heilt ulikt og med ulike kunnskapar om instrumentet? Samlingane vil halde eit høgt fagleg og musikalsk nivå. Mellom samlingane blir deltakarane fulgt opp av Vegar og Kristoffer. Vi søker deltakarar som er nysgjerrige på å lære meir om rolla som musikalsk leiar og som ønsker å ta med erfaringane frå dette prosjektet vidare inn i noverande og framtidige spelemannslag. 

Er du ikkje tilknytt eit særskild spelemannslag? Kontakt FolkOrg, så hjelper vi deg med å finne eit nærliggande lag. 

Vi ønsker eit mangfald av instrument blant deltakarane. Alt frå fele og hardingfele til toradar og trekkspel, fløyter, langeleik, vokal, bass og gitar og så vidare. 

Kva inneber FolkleiarUng for spelemannslaga?  

Prosjektet er meint å vere eit bidrag til spelemannslaga i form av å gi dei eldre ungdommane eit tilbod som kan auke motivasjonen til å halde fram med spelinga og aktiviteten i laga. Såleis er dette ein sjeldan sjanse for spelemannslag som ynskjer å gje dei eldste ungdommane sine eit inspirerande og utviklande tilbod. 

Instruktørane Vegar og Kristoffer kjem til å vere i kontakt med både deltakarane og spelemannslaga i forkant og mellom samlingane. På den måten blir spelemannslaga informerte om kva deltakarane har jobba med, og korleis dei best kan følgje opp medlemmane sine fram til neste samling.  

Deltakaravgift 

Spelemannslaga betaler 500 kr per deltakar frå sitt lag. Summen gjeld for heile skuleåret og inkluderer to kurshelger med overnatting og mat for deltakarane, samt oppfølging av spelemannslaga og deltakarane mellom samlingane. Vi oppmodar også spelemannslaga å dekke reiseutgifter til sine medlemmer.  

Søknad 

Søknadsskjema for prosjektåret 2022/2023 ligg nedst på denne sida. Søknaden gjeld for eit skuleår om gongen og etterspør informasjon frå både deltakar og spelemannslag. Søknadskjemaet skal derfor fyllast ut av både deltakar og spelemannslag. Prosjektet har eit maksantal på 14 deltakarar, og søkarane får svar i løpet av sommaren.   

Samlingshelgene blir 18.-20. november i Trondheim og 14.-16. april (stad er ikkje bestemt).

Har du spørsmål? Ta kontakt med Sina Myhr:
sina@folkorg.no, tlf. 95442592 

 

 

Instruktørane Vegar Vårdal og Kristoffer Kleiveland 

Sitat frå deltakarane 2021/2022

«Jeg har lært masse nytt om det å være musikalsk leder, og også blitt inspirert av Kristoffer og Vegard; to formidable ledere!» – deltakar 2021/2022

«Det er et spennende kurs, med flinke lærere som ser alle deltakere og tilpasser opplegget til hver enkelt person, både under samlinger og utenfor» – deltakar 2021/2022

«Jeg ville absolutt anbefalt å være med i prosjektet! For det første vokser man mye, ikke bare som leder men man får også et nytt innblikk i «folkemusikkverdenen». I tillegg møter man masse fine mennesker, og ikke minst to fantastisk dyktige, inspirerende instruktører. Kurset legger også til rette for at alle skal kunne være med uavhengig av forkunnskaper, og jeg har opplevd det som svært inkluderende og trygt» – deltakar 2021/2022

«Det er veldig lærerikt, og man blir kjent med andre personer på din egen alder som brenner for samme sjanger og interesse. Det er helt fantastisk!» – deltakar 2021/2022

«Jeg hadde trodd det skulle være mye mer «formelt» og «ordentlig». I stedet ble vi møtt med uhøytidelighet og moro samtidig som vi fikk lære utrolig mye!»  -deltakar 2021/2022

«… Hadde det ikke vært for FolkLeiarUng prosjektet hadde jeg mest sannsynlig ikke vurdert en studieretning innenfor folkemusikk, eller musikk generelt» – deltakar 2021/2022

«Jeg fikk økt innsikt i rollen, og har lært mye som kan brukes både i en musikalsk setting, så vel som ellers i livet» – deltakar 2021/2022

  

Prosjektet er finansiert av stønadsmidlar frå Dextra Musica. 

 

 

Presentasjon av instruktørane 

Vegar Vårdal 

Vegar er ein allsidig folkemusikar og folkedansar med lang fartstid som både utøvar, komponist og pedagog. Han spelar fele og hardingfele, bur i Vågå og har heile Norge og verden som arbeidsplass. I 2020 fekk han Hilmarprisen og vart også kåra til Årets Folkemusikar. Han var leiar for Vågå Spelmannslag i åra 2014-2017, og har leia fleire rekrutteringsprosjekt for Noregs Ungdomslag og FolkOrg. Vegar brenn for mangfald i det norske folkemusikkmiljøet.  

 

Kristoffer Kleiveland 

Kristoffer spelar toradar og er ein ettertrakta musikar og pedagogHan kan vise til heile fem sigrar i durspel senior på landskappleik og landsfestival og tek for tida master i utøvande folkemusikk ved Ole Bull Akademiet. Kristoffer bur på Osterøy kor han mellom anna er leiar for Osterøybelgen og jobbar aktivt med rekrutteringsarbeid gjennom kulturskulen og OsterFolkKristoffer brenn for eit inkluderande og aktivt folkemusikkmiljø for folk i alle aldrar. 

FolkleiarUng 2022/2023

  • Videoen skal kun brukast i behandlinga av søknadane, og vil bli sletta når søknadane er ferdig behadla. Videoen skal gjerast med eit vanleg mobilkamera. Sjå gjerne på videoane av Vegar og Kristoffer for inspirasjon. Får du problem med å laste opp videoen, kan du sende den på epost til sina@folkorg.no, eller dele den via google drive, wetransfer, dropbox eller liknande.
  • Til dømes tal på medlemmer, instrumenttyper, aktivitet gjennom året med meir.
  • Skriv noko om forventningane de har til prosjektet og kva de håpar å få ut av å vere med.
    Vi treng behalde kontaktinformasjonen til alle søkjarar. Vi har denne informasjonen lagra i vårt system, vi deler ikkje denne kontaktinformasjonen med nokon. Dersom du ikkje ønskjer at kontaktinformasjon vert lagra så ta kontakt med Sina Myhr i FolkOrg.
  • Viktig! Forsikre deg om at du mottek bekrefting på epost. Mottar du ingen epost, er ikkje søknaden komme fram. Ta i så fall kontakt med Sina Myhr: sina@folkorg.no, tlf. 95442592.