Organisasjonane FolkOrg, Norsk Jazzforum, Norske Konsertarrangører og Norske Festivaler har gått saman om rapporten Nasjonal festivalstatistikk 2014.

Fire norske bransjeorganisasjonar, mellom dei FolkOrg, har gått saman om Nasjonal Festivalstatistikk 2014. Rapporten var nett publisert, og heile rapporten kan lastast ned her.

Ingrid Ytre-Arne skreiv i Folkemusikk i vår om kjønnsbalansen i folkemusikken og fann at balansen var god samanlikna med andre sjangrar. Rapporten stadfester at folkemusikkfestivalane er «best i klassen»: Medan kvinneandelen for festivalartistane totalt er 23 %, er han for folkemusikkfestivalane 43 %.

Marit Vestrum, rådgivar for lokallag og arrangørar i FolkOrg, har nokre teoriar om korfor det er slik:

– Spelemannsmiljøet har tradisjonelt vore mannsdominert. Kanskje har det gjort at kvinnene i folkemusikken i større grad enn menn har funne førebilete frå andre sjangrar, sjangrar med lengre tradisjonar innan scenisk formidling.

Vestrum peikar òg på at mange av folkemusikkfestivalane er unge, og at det same gjeld dei profesjonelle utøvarane. Det kan ha gjort at gamle maktstrukturar ikkje eksisterer i like stor grad i folkemusikkfestivalane. Ho trekkjer og fram Førdefestivalen som eit positivt flaggskip, ein festival som gjennom mange år har hatt sterke kvinnelege leiarar og halde fram kvinnelege artistar. Men biletet bør òg nyanserast litt, meiner Vestrum:

– Talet på kvinnelege solistar på fele og hardingfele varierer mellom distrikta. Og eg synest vi har for få mannlege folkesongarar. Eg har òg inntrykk av at en del undersjangrar, til dømes gammeldansen, har ei klar overvekt av menn.

Tekst: folkemusikk.no v/Audun Stokke Hole.

http://folkemusikk.no/folksrevyen-veke-36-2015/