Anna Hytta skriv i Klassekampen 20. januar at ho vil ha ein brei folkemusikkfestival i Oslo i staden for bransjetreffet Folkelarm. Her kan du lese svaret frå styret i FolkOrg.

Anna Hytta skriv i Klassekampen 20. januar at ho vil ha ein brei folkemusikkfestival i Oslo i staden for bransjetreffet Folkelarm. FolkOrg stiller seg bak tanken om ein folkemusikkfestival i Oslo, og vi utfordrar alle dei gode kreftene som finst i miljøet om å slå seg saman og ta initiativ til utvikling av ein slik festival. Ikkje som ei erstatning for Folkelarm, men som eit supplement. Det bør være grunnlag for båe delar!

Det er ingen tvil om at ein festival kan romme eit bransjetreff, det er mange gode døme på det. Det har også vore noko FolkOrg har vurdert for Folkelarm, og kjem det ein folkemusikkfestival i Oslo vil det vere naturleg å vurdere det på nytt. Vi arbeider kontinuerlig med å forbetre arrangementa i FolkOrg, og med Folkelarm har vi gjort mange grep vi opplever å få gode attendemeldingar på. Samarbeidet med Oslokappleiken har vore med på å skape ei ekstra god stemning på arrangementet og fleire folk. Det same har koplinga til Meisterkonserten i Operaen annakvart år. På same måte som Førdefestivalen, har Folkelarm eit samarbeid med Music Norway om å invitere delegatar frå heile verda. Undersøkingar viser også at Folkelarm genererer mange spelejobbar nasjonalt og internasjonalt for artistane. Fordelinga av desse vil sjølvsagt variere. Talet på søknader om showcase og at dei vil delta fleire gonger, har vi òg opplevd som eit teikn på at dei er nøgde.

Ja, utøvande musikarar fortener å få betalt for arbeidet sitt! Eit bransjetreff som Folkelarm er likevel noko annleis enn ein vanleg festival. Ein søker om å få spele på eit tilrettelagt arrangement for norsk og internasjonal bransje for å betre sjansane for fleire spelejobbar. I tillegg til konsertane, er det lagt opp til møteplassar mellom artistar og bookarar, seminar osv. Økonomien i Folkelarm har vore svært krevjande gjennom mange år, og det er berre dei siste åra vi har lukkast i å få eit økonomisk resultat som er som budsjettert eller betre. Dei offentlege tilskota til Folkelarm har vore marginale samanlikna med andre store festivalar, så vi er heilt avhengige av god publikumsoppslutning for å klare budsjett. Etter å ha betra økonomien i Folkelarm, har fokuset vore at det vi klarer å spare inn av andre utgifter eller auke inntektene skal kome utøvarane til gode. Gradvis har det blitt meir; full reisedekning, fleire måltid og no i 2019 har vi for første gong lukkast med å honorere artistane.

Styret meiner det er ei viktig oppgåve for FolkOrg å arbeide for rammevilkåra til våre utøvarar. Den viktigaste prioriteringa vår framover er å gjere Folkelarm stadig meir relevant og viktig for å generere fleire jobbar for utøvarane. Dessutan syte for eit godt økonomisk fundament for Folkelarm som gjer at vi kan halde fram med å betale honorar til showcaseartistane.

Det har teke mange år å få utvikla Folkelarm slik den er i dag, og vi meiner den er i ferd med å finne si form med brei oppslutning av dyktige artistar frå heile Norden, eit rikhaldig seminarprogram og samarbeidet med Oslokappleiken. Når det er sagt, tek vi gjerne imot konstruktive innspel  frå dykk om den vidare utviklinga av Folkelarm, og ein eventuell ny folkemusikkfestival i Oslo! Vi vil difor invitere til eit seminar om dette under Folkelarm 2020. Velkomen!

På vegne av styret i FolkOrg
Hilde Reitan, styreleiar og Linda Dyrnes, dagleg leiar.


Innlegget til Anne Hytta stod på trykk i Klassekampen 20. januar 2020.

Svarinnlegget til FolkOrg stod på trykk i Klassekampen 27. januar 2020. (Innlegget som stod på trykk var litt forkorta)