Velkommen til Folkelarm 16. - 19. november på Riksscenen i Oslo!
Haustens store folkemusikkfest
Folkelarm er eit folkemusikkens eige bransjetreff og haustens store folkemusikkhelg i Oslo! I tillegg til over 40 showcasekonsertar er det også eit variert seminarprogram og ikkje minst dansefest alle kveldane. Folkelarm vert formelt opna torsdag 16. november i samband med Folkelarmprisen der det vert delt ut plateprisar i fem kategoriar og vinnarane av Årets folkemusikkfotografi, Årets folkemusikkpris og Årets folkemusiker vert offentleggjort.
Arrangementet som i år vert arrangert for 18. gong finn stad på Riksscenen i Oslo 16. -19. november, og byr på folke- og verdsmusikk i full breidde. Kvart år blir både internasjonale og nasjonale delegatar frå musikkbransja invitert til bransjetreffet som har som mål å vera eit utstillingsvindauge for norske og nordiske folkemusikkartister.
Konsertar og dansefest!
Publikum og musikkbransje kan i år oppleve eit breidt spekter av norsk og nordisk tradisjonsmusikk, der alt frå unge lovande debutantar til meir etablerte grupper og artistar er representert.
Både torsdag, fredag og laurdag er det eit spennande og variert seminarprogram på dagtid, og laurdag formiddag vert det arrangert i tillegg Marked og Mingling som er ein uformell møteplass for arrangørar, plateselskap, artistar og musikkforlag.
Festivalpass og delegatpass
Ein kan kjøpe seg både dagspass, seminarpass, festivalpass for alle dagane eller delegatpass. Ved å kjøpe delegatpass får du tilgang til heile programmet inkludert seminar og minglearrangement. Les mer om billetter og sikre deg tilgang til Folkelarm 2022 her
Alle er velkomne på Folkelarm og vi håpar å sjå DEG der!
Alt du treng å vite finn du på
www.folkelarm.no og lurar du på noko må du gjerne ta kontakt med oss!
Epost: info@folkorg.no
Artistane som er valgt ut til Folkelarm 2023 er:
Alexander Aga Røynstrand (NO)
Aurom (NO)
Basco & Jullie Hjetland (DK)
Brek (IS)
Camilla Granlien Band (NO)
Camilla Hole & Eventyrferd (NO)
Eir (NO)
Emilia Laiunen (FIN)
Flottorp/Solberg (NO)
Gabba (NO)
Gjermund Larsen Trio (NO)
Godlynt
Hans, Jo! (NO)
Inger Hannisdal Ensemble (NO)
Ingunn Bjørgo Band (NO)
Kajsa Balto (NO)
Kompani Byre (NO)
Luomduo (FIN)
Maija Kauhanen & Johannes Geworkian Hellmann (FIN)
Malin Alander & Ole Nilssen (FIN)
Mojna (NO/SE)
Odde & Holmen (NO)
Pumpegris (NO)
Rubinsztein/Karlsson (NO)
Staerna (SE)
Våg (NO)
Les om kvar enkelt artist her.