Seks finalistar skal tevle på direkten om eit GRAMO stipend på 100 000 kr! Du kan få det med deg deler av finala direkte via Internett laurdag 3. Oktober!

Seks finalistar til INTROfolk finalen 2020!
Sidan koronapandemien sette ein stoppar for festivalane som skulle arrangert semifinalar i INTROfolk, har alle dei seks semifinalistane no status som finalistar. FolkOrg skal filme konsertane, og vil sende desse i sosiale medier slik at alle som vil kan få sjå og høyre finalekonsertane til dei dyktige utøverane.

Finaleopptaka vil skje samstundes med at FolkOrg skal ha ei lengere straumesending direkte frå Atlungstad Brenneri i Stange kommune. Det vert seks timar med musikk, intervju og fine innslag frå landet rundt. Her vil det og verte sendt direkte ein del av kvar av finalekonsertane.

Det kjem snart meir informasjon om lenkjer og kvar vi sender INTROfolk frå. Men hald av laurdag 3. Oktober så får du med deg deler av finalane direkte på eit Internett nær deg! Heile konsertane vil du kunne sjå utover i Oktober og November. Kven som vinn GRAMO stipendet på 100 000 kroner vert offentleg under Folkelarmprisutdelinga 27. November.

Kva er INTRO-folk?
«INTRO-folk — årets unge folkemusikar» er eit lanseringsprogram for unge norske og samiske folkemusikarar. INTRO-folk er ein musikkonkurranse. I tillegg er det ein arena der unge folkemusikarar kan utvikle seg som kunstnarar og få røynsle i å formidle folkemusikk på eit høgt nivå, og der eit breitt publikum kan lære å kjenne dei som musikkutøvarar. Vidare er det eit mål å syne fram breidda og nivået hos unge norske og samiske folkemusikarar, og medverke til å fremje karrieren deira. Prosjektet nyttar musikkonkurranse som verkemiddel for å få merksemd. Det er ikkje eit mål i seg sjølv å peike ut ein vinnar, men samarbeidspartane er innforstått med at eit slikt verkemiddel speglar den røynda musikarane står overfor i den vidare karrierebygginga si — ein kamp om merksemd frå media, arrangørar og publikum.

Fortsatt samarbeid med Gramo
«Gramo er glade for å ha inngått et samarbeid med FolkOrg om Introfolk 2020. I Gramo er vi blant annet opptatt av å fremme ny norsk musikk, og dette er en fin mulighet for oss til å støtte unge lovende talenter i startgropa av karrieren. Gramo er spente på hvem som blir «Årets unge folkemusiker 2020» – og vinner av Gramo-stipendet på 100.000 kr!» – Suzanne Nyhuus, Les meir om arbeidet til Gramo her

Solistar
Styret i FolkOrg har i denne runden vald å fokusere på det solistiske uttrykket innanfor folkemusikken, for å fremje denne delen av tradisjonen. Dei seks solistane som var valdt ut til å spele semifinalar har no alle status som finalistar. Finala vert spelt laurdag 3. oktober og kven som vinn får vi vete under utdeling av Folkelarmprisen fredag 27. november.

Godt samarbeid med festivalar
FolkOrg har hatt godt samarbeid med ulike festivalar for å avvikle semifinalane i INTROfolk. I år skulle semifinalane spelast på Førdefestivalen, Jørn Hilme-stemnet og Farsund Folk Festival. Sjølv om det ikkje vart noko av semifinalane i sommar, har likevel alle tre festivalane støtta opp om INTROfolk. Vi er glade for at dei alle difor er med som sponsorar saman med GRAMO. Premien, på 100 000 kroner, til den som vert kåra som Årets unge folkemusikar 2020 er gjeve i sin heilheit av GRAMO.

Tidlegare vinnarar av INTRO-folk er:
2018: Ole Nilssen
2015: Odde & Holmen
2012: Erlend Viken
2009: Kim André Rysstad
2007: Benedicte Maurseth
2005: Majorstuen

Takk til vår hovudsponsor GRAMO

Og takk til festivalane som støttar INTROfolk 2020!