Erlend Apneseth (f.1990) er den første folkemusikaren som får Musikerstipendet frå Forsberg og Aulies legat. Stipendet er på kr 100 000. FolkOrg gratulerer!

Erlend Apneseth er ein musikar og komponist frå Jølster i Sogn og Fjordane. Han spelar hardingfele og er utdanna ved Ole Bull Akademiet. Han har skrive musikk for film, teater, danseforestillingar og ei rekkje musikalske konstellasjonar i fleire sjangrar. Alle hans tre siste utgjevingar vart nominert til Spellemannprisen, og særleg platene med Erlend Apneseth Trio har fått mykje merksemd for sitt sjangeroverskridande uttrykk.

Han har motteke ei rekkje prisar, som Øyvind Berghs minnepris, Grappas debutantpris og Gammleng- prisen, og på få år etablert seg med ei solid internasjonal karriere.

I 2019 er han årets fylkeskunstnar i Buskerud, der han blant anna har skrive bestillingsverket «Fragmentarium» til Kongsberg Jazzfestival. Han gir ut sitt 6. studioalbum i februar neste år, og er i gang med å skrive eit verk for Det Norske Kammerorkester og hardingfele som urframførast september 2020.

Stipendet frå Forsberg og Aulies legat skal brukas til eit prosjekt der han vender tilbake til det akustiske soloformatet, og han kjem til å bruke stipendet for å finansiere komponeringsperioden og innspelinga av dette. Målet er å presentere det kunstnarlege resultatet av eit arbeid han har gjort over fleire år med å utvikle nye klang- og pizzicatoteknikkar for hardingfela.

Forsberg og Aulies legat har følgande føremål:

«§ 2; Legatet skal utdele stipend til begavede, yngre nevrologer og kunstnere, vekselvis til en nevrolog, en maler eller en tegner og en musiker, og fortrinnsvis til søkere under 40 år. Ved hver utdeling skal det utdeles ett stipend. Stipendsummen skal være gjenstand for regulering under hensyntagen til legatets avkastning og kroners verdi. Bestemmelsene herom treffes av legatets styre. Stipendet skal fortrinnsvis utdeles som reisestipend og stipendiaten er forpliktet til å inngi rapport om hvorledes stipendet er anvendt.»

Les meir om legatet her http://www.forsbergaulieslegat.no/wp/  

Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz