FolkOrg har ledig stilling som redaktør av bladet Folkemusikk og nettstaden folkemusikk.no. Vi søker ein engasjert, strukturert og språkkunnig person med interesse for folkemusikk og folkedans, og god kunnskap om musikkbransjen. Stillinga er 100 % (80% fast/20% vikariat), og søknadsfristen er 5. februar 2023

Vi søker etter ein engasjert, oppdatert og framtidsretta redaktør for bladet Folkemusikk og folkemusikk.no. Vi ynskjer at den nye redaktøren kan byrje så snart som mogleg etter 1.mai.

Folkemusikk er det einaste landsdekkande tidsskriftet om folkemusikk og folkedans i Noreg. Tidsskriftet er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans, men er frittståande med uavhengig redaktør. Folkemusikk er primært i abonnement, men er og i laussal. Bladet kjem ut fire gonger I året. I tillegg er www.folkemusikk.no tidsskriftet si nettavis.

Redaktøren har ut over det redaksjonelle ansvaret, ansvar for koordinering av skribentar, fotografar, grafikar og trykkeri, samt andre administrative oppgåver. Det forventast at redaktøren skriv ein del sjølv til både magasin og nettsida. Redaktøren har budsjettansvar for bladet og nettavisa.

Stillinga som redaktør er per i dag 80% fast. På grunn av at ein tilsett journalist er i permisjon så innheld utlysinga også 20% vikariat som journalist. Vikariatet er i utgangspunktet ut 2024, men kan bli forlenga.

Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, gode og lyse lokaler, eit spennande og breidt arbeidsfelt, og sjølvsagt eit interessant, spennande, engasjerande og positivt fagfelt å arbeide med: Folkemusikk og folkedans.

Nysgjerrig? Vil du vite litt meir? Ta gjerne kontakt for ein konfidensiell og uforpliktande samtale.

Vi søkjer etter ein person som…  

  • er ein god historieforteljar og formidlar
  • er positiv, nysgjerrig og initiativrik
  • har kunnskap om folkekultur i vid forstand, og særleg om folkemusikk og folkedans
  • har analytiske eigenskapar og er i stand til å sjå folkekulturen med fleire blikk
  • arbeider strukturert og sjølvstendig.
  • har medieerfaring
  • har godt nettverk frå fleire miljø.
  • Er god med kommunikasjon, og har eit godt språk, særleg i nynorsk.
  • har kjennskap til og erfaring frå nettpublisering.
  • har ambisjonar og evne til å bringe folkemusikk og folkedansen inn på den kulturelle agendaen.

Ønska kompetanse: 

  • Høgare utdanning, fortrinnsvis innan kulturfag, mediefag eller språkfag. Relevant arbeidserfaring kan erstatte kravet til utdanning.
  • God bransjekunnskap og kunnskap om folkemusikk og folkedans.
  • Redaktørerfaring eller tilsvarande, og evne til sjølvstendig arbeid.
  • Erfaring med tekst- og artikkelsskriving.
  • God økonomisk kontroll.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk.
  • God kunnskap om informasjonsarbeid og bruk av sosiale medium.
  • God datakompetanse er ein føresetnad

Personlege eigenskapar vil vektleggast.

 

Generelt om stillinga

Næraste overordna er dagleg leiar i FolkOrg, men Folkemusikk er redaksjonelt frittståande. Folkemusikk arbeider etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten sine reglar for god presseskikk.

Det må påreknast arbeid kveld og helg i periodar.

Arbeidsstad: FolkOrg har kontor i Møllergata i Oslo, og kontorplass vil vere tilgjengeleg her. Redaktøren kan arbeide frå andre stadar i Noreg om det er ønskjeleg, men det kan ikkje ventast at det blir leigd kontorlokale andre stader.

Løn etter avtale. Den tilsette vil bli innlemma i organisasjonen si pensjonsavtale.

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar i FolkOrg Aslak Brimi på telefon 90969383, eller e-post: aslak@folkorg.no.

Sjå også www.folkorg.no og www.folkemusikk.no for meir informasjon.

Send søknad med CV til: aslak@folkorg.no        

Søknadsfrist: 5. februar 2024