Saman med Norsk senter for Folkemusikk og folkedans og Kulturvernforbundet inviterar FolkOrg til ein debatt på Kulturytring i Drammen. Temaet for debatten er den immaterielle kulturarven. Kven har og tek ansvar for den?
Kulturytring i Drammen er Noregs største arena for nasjonal kulturpolitikk og blir arrangert for andre gong i Drammen, 19. – 21. juni 2023. Med meir enn 100 faglige programpostar og over 50 kunst- og kulturarrangement frå 140 arrangørar er Kulturytring kulturlivets svar på Arendalsuka. Saman med Norsk senter for Folkemusikk og folkedans og Kulturvernforbundet inviterar FolkOrg til ein debatt om den immaterielle kulturarven. Kven har og tek ansvar for den?
Noreg ratifiserte UNESCO-konvensjonen for varetaking av immateriell kulturarv i 2007. Kva har skjedd sidan då? Er me modne for å ta debatten om ein skikkeleg revisjon på engasjementet som Noreg har? Har statlege politikk treft blink, og er me gode nok til å følgja opp forpliktingane våre. Konvensjonsteksten seier at den ikkje-materielle karakteren til arven gjer den særleg sårbar. Musikk, dans og tradisjonshandverk er i ferd med å forsvinna på grunn av globalisering, konfliktar og den hurtig skiftande livsstilen vår. For å varetakast må han leva. UNESCO-konvensjonen har også formuleringar om likestilling mellom materiell og immateriell kulturarv.
Fleire norske frivillige organisasjonar er i dag akkrediterte UNESCO-rådgivarar som jobbar aktivt for å fremja, vareta og verna folkemusikk, folkedans, båtbyggjartradisjonar, bunadbruk osb.
Men kven har eigentleg ansvaret for å følgja opp desse innskrivningene?
Kven tek ansvar for at Noreg oppfyller dei internasjonale forpliktingane sine overfor UNESCO? Kva ansvar har staten? Kva ansvar har frivilligheita?
I panelet møter de:
Tore Friis- Olsen, Forbundet Kysten
Annbjørg Lien, Setesdalsfolk
Ellen Krageberg, Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Solveig Grinder, Noregs Husflidslag
Politisk deltaking:
Tage Pettersen (Høgre)
Kathy Lie (SV)
Emma Lind (V)
Panelet blir leidd av Toril Skjetne (Kulturvernforbundet)
Kulturytring blir i 2023 arrangert for andre gong i Drammen. Gjennom tre fulle dagar skal kulturfeltet samlast for å setja kunst og kultur på dagsorden. Det blir debattar, forskingsformidling, politikarsamtalar og panel, samtidig som det er eit tett kulturprogram med konsertar, sceneproduksjonar, opne galleri, utstillarar og mykje meir.
Sjå heile programmet her!
Kjøp ytringspass her!
Kulturytring blir arrangert av Norsk kulturforum i samarbeid med Drammen kommune og Viken fylkeskommune.
