Styret i FolkOrg har bestemt at det skal gjerast endringar i kor stor del av klassane på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk som skal rangerast, samt at det skal vere ein felles poengskala.

Heile 604 stykk svara på spørjeundersøkinga som var tilgjengeleg på www.folkorg.no på nyåret. Spørjeundersøkinga vart laga etter at styret i FolkOrg hadde fått diverse innspel om å gjere endringar i kor stor av klassane som skal rangerast på Landskappleiken og Landsfestivalen. Ut frå tilbakemeldingane som kom inn, har styret bestemt at det skal gjerast endringar som trer i kraft allereie under Landskappleiken i Vågå og Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Gaupne.

Desse endringane har styret i FolkOrg vedteke:

  • 1/3 av alle klassane på Landskappleiken og Landsfestivalen skal rangerast med poeng. I open klasse (båe arrangementa) og pardans på Landsfestivalen, skal berre dei 3 øvste plasseringane rangerast, slik som tidlegare år.
  • Alle C- klassingar (solo spel, halling og pardans) skal få tilbod om ein munnleg kommentar frå dommarane.
  • Det skal nyttast same poengskala for dei ulike klassane på Landskappleiken og Landsfestivalen.

 

I april vert det utarbeidd ein felles poengskala som skal nyttast. Denne vert tilgjengeleg på FolkOrg si nettside i løpet av våren.

Grafar over svara som kom inn finn ein her. I tillegg kom det inn over 2200 kommentarar av ulike storleikar som styret også har sett nærare på. (I pdf-fila er desse kommentarane fjerna, det er difor nokre tomme felt her).