På styremøte 6. desember 2023 vedtok styret i FolkOrg fleire endringar i tevlingsreglementet for både Landskappleiken og Landsfestivalen.

I etterkant av årets arrangement mottok styret i FolkOrg fleire konkrete innspel til endringar og presiseringar i tevlingsreglementet som galdt både Landskappleiken og Landsfestivalen. På det siste styremøtet i 2023 vart det vedteke fleire endringar.

 

Endringar i tevlingsreglementet for Landsfestivalen

  • Ny klasse: Trekkspel jr og sr.
  • Ny klasse: Andre instrument og vokal jr og sr. Klassa er for vokal og alle instrument utanom fele/hardingfele, durspel og trekkspel, og har ingen avgrensingar for type instrument. Ein kan kun delta med eitt instrument per startnummer.
  • Etter to prøveår er Super Junior inkludert i tevlingsreglementet. Juniorklassene blir slått saman i tevlingsplanen til Super Junior og dømt av ei felles dommarnemnd. Dei konkurrerer likevel ikkje på tvers av instrumenttyper, det blir eigne resultatlister for kvar enkelt klasse: fele/hardingfele jr, durspel jr, trekkspel jr og andre instrument og vokal jr. Super Junior blir såleis lik Super-D på Landskappleiken. Juniorklassene har ikkje eigne klassefinaler, men ei Super Junior-finale kor deltakarane med høgast poengsum kjem til finalen. Talet på finalistar reknast ut etter talet på deltakar i Super Junior. Målet med Super Junior er å bidra til å auke rekrutteringa ved å skapa merksemd og gode opplevingar for juniorane, mellom anna ved å syte for at det blir finale.
  • Pardans jr og sr: Det er maks seks par i kvar av kvalifiseringsrundane (tidlegare maks ni par).

 

Endringar i tevlingsreglementet for Landskappleiken

  • A-klassedansarar kan stille i B-klassa dersom dansepartnar ikkje er kvalifisert til A-klassa, men vedkommande kan ikkje i tillegg stille i A-klassa med same dans. Denne regelen har vore praktisert, men aldri presisert i tevlingsreglementet.
  • I pardans kan ein delta med to dansar i same klasse, uavhengig av taktart. Om ein stiller med to dansar i same taktartar, må dansane vere ulike. Dansar i ulik taktart kan vere frå same tradisjonsområde. Målet med denne endringa er å stimulere til større deltaking, særskild for dans fele som har opplevd ei halvering i deltakartal gjennom dei siste 15 åra. Tanken er at det skal vere mogleg å stille opp og dermed få vise fram dansar frå fleire plassar i landet. FolkOrg ser likevel behov for å sette visse avgrensingar: ein kan delta maks to gonger per klasse og to deltakingar med dans i same taktart må vere to ulike dansar. Poenget med å opne opp for fleire deltakingar er å legge til rette for at ulike tradisjonsdansar blir brukt på kappleiksscena, ikkje at folk stiller fleire gonger med same dans. Med ulike dansar så meinest det at ein ikkje stiller opp med t.d. springleik frå Vågå og springleik frå Lom, eller runnom frå Trysil og runnom frå Engerdal, men at dersom ein ynskjer så kan ein stille opp med springleik frå SørFron OG rørospols. Dersom dansarar stiller opp med dansar som dommarane meiner er for like, vil det eine danseinnslaget bli “ikkje dømt”. Dansar i ulik taktart kan vere frå same tradisjonsområde, slik som i dag.  
  • Open klasse: Framføringstida per startnummer må vere over 2 minutt og maksimalt 6 minutt. Målet med denne omformuleringa er å sikre eit nokonlunde likt samanlikningsgrunnlag utan å legge for sterke føringar for klassa.

Her kan du lese det oppdaterte tevlingsreglementet: Tevlingsreglementet revidert 06.12.2023

Tevlingsreglementet for FolkOrg sine tevlingar skal vere gode rettesnorer og gi gode rammer for både dommarar og deltakarar. I tillegg ser ein at det også er rom for tolkingar og skjønn. Derfor er det nyttig og konstruktivt å møtast for å diskutere og prate i lag om korleis vi skal handsame reglementet.

FolkOrg inviterer til dommarseminar 2.-3. mars i vokal, dans og spel der målet er at både deltakarar og erfarne og potensielle dommarar kjem saman for å ta for seg ulike perspektiv og ulike problemstillingar knytt til reglementet.

Etter årets landsfestival ser ein at det kan vere nyttig å tydeleggjere kva styret si rolle er inn mot domsnemnda. Kva er det domsnemnda eventuelt skal rådføre seg med styret om? Det er eit viktig prinsipp at ikkje styret skal eller må vere ei form for overdommar. Styret skal berre rådførast og eventuelt meine noko når det er tvistar internt i domsnemnda om formelle sider ved dømminga. Dette kjem det enda tydelegare føringar på.

Rammene for arbeidet til domsnemnda skal bli enda tydelegare. Det er domsnemnda som til sjuande og sist skal gjere tolkingane og ta avgjerslene. Difor er det sett i gang eit arbeid for å få utarbeidd ei form for rettleiing til tevlingsreglementet, altså eit notat som skal seie noko om forståinga og praktiseringa av tevlingsreglementet. Dette vil forhåpentlegvis vere til hjelp for dommarane i bruk og tolking av tevlingsreglementet.

 

Kommentar frå styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan

Tevling er eit tema som engasjerer mange, og det er mange meiningar om korleis eit tevlingsreglement skal utformast og tolkast. Vi i styret set pris på det store engasjementet blant medlemmar og utøvarar. Vi takkar for dei mange gode og konkrete forslaga som har kome inn til styret.

Styret går grundig gjennom dei innspela som kjem inn. Vi har eit ansvar for å balansere ulike og somme gonger også motstridande innspel, for å ivareta alle medlemmane i organisasjonen. Vi meiner at det vedtekne tevlingsreglementet har vorte betre og meir nyansert. Og når vi no også får på plass eit notat som skal gje større forståing og bidra til god forvalting av tevlingsreglementet, så meiner vi at dommarane og deltakarane på landsfestivalen og landskappleiken får enda tydelegare, meir rettferdige, trygge og gode rammer. 

Vi oppfordrar alle som ynskjer å vere med på litt større og djuptgåande debattar om tevlingsreglement og dømming, og som ønskjer å bidra konstruktivt i det vidare arbeidet, gjerne som dommarar, til å delta på dommarseminaret FolkOrg arrangerer på Riksscenen 2.-3. mars. Her ønskjer vi velkomen til gode og fruktbare diskusjonar om aktuelle problemstillingar knytt til  tevling og dømming.

 

 

 

 

 

 

 

 

Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan

Her finn du meir info om dommarseminaret 2024