Kravet om fastmonterte plasser erstattast med krav om faste, tilviste sitteplassar. Dette betyr ei innstramming for aktørar som til no har kunne hatt 200 pers i fastmonterte seter, men er ei letting for arrangørar med arrangement utan fastmonterte seter.

I pressekonferanse i dag kunngjorde Regjeringa endringar i dei nasjonale smitteverntiltaka. Endringane gjeld frå midnatt, natt til tirsdag 23. februar. Regjeringa vil gjera ei ny vurdering av tiltaka i midten av mars.

Merk at det er til ein kvar tid er nasjonale reglar og lokale vedtak og råd frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til som gjeld. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen, og om de er i tvil så oppmodar vi alltid til å ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing.

Dette er regjeringa sine endringar i dei nasjonale tiltaka:

Arrangement: 

  • Kravet om fastmonterte plassar erstattast med krav om faste, tilviste sitteplassar. Det betyr at publikum kan sitte på stol, benk eller liknande, eller på ein fast plass på golvet under heile arrangementet. Denne endringa opnar for større arrangement i langt fleire lokale.
  • Det blir tillate med inntil 100 personar på innandørs arrangement. Det betyr ei innstramming for aktørar som i dag kan ha inntil 200 personar i fastmonterte sete, slik som teater, men ei letting for aktørar i andre typer lokale som bygdehus og konsertscener.
  • For utandørs arrangement vidareførast maksgrensa på 200 personar, men det kan vera 200 personar x 3 kohortar dersom dei sit i faste, tilviste plassar og det er to meters avstand mellom kohortane.
  • Arrangøren skal iverksetje tiltak for å ivareta krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i same husstand på arrangement der publikum sit på faste, tilviste sitteplassar. Om det er naudsynt, skal vakthald nyttast for å sikre dette.

 

Servering og skjenking:

  • I dag er det tillate å servere alkohol til dei som får servert mat. Skjenking av alkohol må opphøyre seinast ved midnatt. Regjeringa følgjer Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet sine råd om å endre skjenkestoppen frå kl. 24.00 til kl. 22.00.
  • Det blir same anledning til å skjenke alkohol på arrangement som på serveringsstader.

Sjå meir informasjon på FolkOrg si eiga koronaside for arrangørar. 

Lest meir om endringane på Regjeringa si heimeside.