Stimuleringsordninga er på totalt 255 millionar kroner og vert betalt ut til organisasjonar som fekk momskompensasjon av Lotteri- og stiftelsestilsynet i 2020.

Regjeringa har sett av 255 millionar kroner i stimuleringsmidlar til organisasjonar som fekk momskompensasjon av Lotteri- og stiftelsestilsynet i 2020.

Fordelt til mottakarar av momskompensasjonsordninga
Tilskotet blir fordelt etter ein lik prosentvis del av godkjent søknadsbeløp frå momskompensasjonsordninga. FolkOrg søkte som sentralledd om tilskot på vegne av organisasjonen og dei underledda som fekk momskompensasjon i 2020. Alle søkjarar får tildelt 13,44% av det opphavelege søknadsbeløpet

Utbetaling i mai
Det vart søkt på grunnlag av godkjent søknadsbeløp i momskompensasjonsordninga, som var på 1 728 870 kroner, og FolkOrg har blitt tildelt 232 421 kroner i tilskot. Sentralleddet får kr. 87 771 i stønad, medan dei resterande 144 650 skal fordelast på 57 lokallag og områdelag som fekk momskompensasjon i 2020. Pengane frå stimuleringsordninga vil bli utbetalt til laga innan utgangen av mai.

FolkOrg betalar ut midlane vidare til sine underledd. Lotteri- og Stiftelsestilsynet opna for at sentralledd kan la vere å utbetale til lag som får tildelt mindre enn 300kr. Sentralleddet til FolkOrg har derimot bestemt seg for at alle som får over 100kr, skal få pengane utbetalt.