FolkOrg har no gjort den første skumlesinga av kulturbudsjettet, og vi har desse første kommentarane:
Ein million til 100-årsjubileet til FolkOrg!
Regjeringa viser med denne løyvinga at det ser kor viktig det er å nytte eit slikt høve til å auke kunnskapen som den viktige kulturarven folkemusikken og folkedansen utgjer. Vi skal med dette jobbe med rekruttering, utvikling og mangfald for framtida i Noreg. Vi søkte om fire millionar, og må no sjølvsagt prioritere kva vi skal gjennomføre og ikkje, men vi skal gjere alt vi kan for å lage ei god feiring av folkemusikken og folkedansen i 2023!
Satsing på eksport av folkemusikk!
FolkOrg har saman med Music Norway sett i gang det treårige eksportprogrammet EX.TRA. Det skal styrke eksport av tradisjonsmusikk. Det er gode nyheiter at kulturministeren no har sett av ein halv million til denne satsinga.
Regionale kulturfond
I framlegget til statsbudsjett for 2023, skriv Regjeringa, at dei har sett i gang utgreiing av regionale kulturfond, som skal stimulere til auka kunst- og kulturaktivitet lokalt. Målet er å styrke samspelet mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, i tillegg til å forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit. Arrangørforum, eit nettverk av arrangørorganisasjonar på musikkfeltet der også FolkOrg er med, lanserte ideen i 2017, og har saman med Norsk Kulturforum, Creo og Norsk musikkråd, arbeidd for å få dette etablert. FolkOrg helsar utgreiingsarbeidet velkommen.
– I Hurdalsplattforma lova regjeringa å etablere regionale kulturfond. Vi set stor pris på at regjeringa har sett eit tydeleg mål om at regionale kulturfond skal styrkje samspelet mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, i tillegg til å forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit. Vi er skuffa over at det ikkje er sett av pengar til regionale kulturfond i 2023, i ei tid der etterverknadane etter pandemien framleis slit på kulturlivet. Når kulturdepartementet no skal greie ut regionale kulturfond, håpar vi at organisasjonane på feltet blir sterkt involverte, slik at ordninga vil treffe best mogleg. Vi stiller oss til disposisjon, seier Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg, på vegner av Arrangørforum.
Positivt med auke til momskompensasjon for frivillige organisasjonar!
Det er veldig bra at regjeringa held fram med å auke momskompensasjon for frivillige organisasjonar, kulturministeren seier at det nå vil vere full kompensasjon. Det er usikkerheit kring om pengane held til det. Frivillighet Norge skriv dette. Vi vil framleis arbeide for ei regelstyrt ordning, og ikkje budsjettstyrt, slik den er i dag.
Enda lenger til 1 %-målet for kulturbudsjettet?
Den raud-grøne regjeringa har gått høgt ut med målet om at kulturbudsjettet skal utgjere 1 % av statsbudsjettet. Berekningar gjort av Creo, syner at vi faktisk no er litt lenger unna målet.
Låg indeksregulering
I ei tid med høg inflasjon, vil det bli stramme tider når tilskota er regulert med i underkant av 3 %. Det gjeld både driftstilskot generelt og prosjekttilskot gjennom t.d. Norsk kulturfond. Det vil bety innstrammingar som merkast godt på eit kulturfelt som framleis merkar konsekvensane av pandemien godt.
-Vi skal sette oss nærmare inn i framlegg til statsbudsjett dei nærmaste dagane og vil delta med innspel når Stortinget skal ha budsjetthøyringar, seier Linda Dyrnes.
Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg
Foto: Thor Hauknes