Vi har besøkt Alexander Aga Røynstrand via internett, han fortel litt om seg sjølv og lærer bort Otteslåtten, ein rudl frå Granvin.

Landskappleiken i 2019 vann Alexander Aga Røynstrand klassa Spel hardingfele A og dermed Kongepokalen som var sett opp i denne klassa i 2019. Alexander vil her lære deg Otteslåtten, som er ein god gamal rudl frå Granvin, fortel han.

Dersom du ikkje spelar hardingfele kan du likevel kose deg med denne filmen som filmselskapet Fabelaktiv, med Pål Bratås ved spakene, har laga på oppdrag frå FolkOrg.

Trykk på biletet under for å starte filmen om Alexander. Under filmen ligg lydfila til slåtten slik at du kan høyre på den så mange gonger du vil. Det finns ulike appar/program som gjer at du kan spele av opptak i ulikt tempo. Eit slikt program kan kanskje være til hjelp for å lære deg slåttar betre dersom du til dømes er fersk spelar. Eit av desse heiter «Amazing Slow Downer» som du kan søke opp og lese meir om dersom du vil.

Lær Otteslåtten av Kongepokalvinnar i Spel hardingfele A på Landskappleiken i 2019.
Film: Fabelaktiv. Foto: Knut Utler

Her kan du høyre Alexander Aga Røynstrand spele Otteslåtten: