2023 er året FolkOrg feirar at det er 100 år sidan Landslaget for Spelemenn vart skipa i Bergen. 100-årsjubileet vert markert med ein stor jubileumskonsert i Grieghallen 14. oktober. Hennar Majestet Dronning Sonja, som er høg beskyttar av FolkOrg, har stadfesta at ho kjem til Bergen.

«Det er ei stor glede og ære for FolkOrg at vår høge beskyttar, HM Dronning Sonja, vil vere med og feire  100-årsjubileet vårt og delta under sjølve jubileumskonserten, seier styreleiar Hilde Reitan.  Vi gler oss til å invitere til storslått jubileumskonsert der både lokallaga, tradisjonsberarane og dei store stjernene vil vere representert,  og som vil vise bredda og det store mangfaldet  i dagens organisasjon», seier styreleiaren

Jubileumshelg i Bergen 13.–14. oktober.

I samband med FolkOrgs 100-årsjubileum vert det gjennomført ei stor jubileumsmarkering i Bergen 13. – 14. oktober. På programmet:

  • Fredag startar feiringa med Vestlandskappleiken, som er eit samarbeid mellom Bergen UL Ervingen, Spelmannslaget Fjellbekken og Bygdedanslaget i Bjørgvin. Kappleiken vert avslutta laurdag 14. oktober.
  • Laurdag blir FolkOrgs jubileumsbok lansert i foajeen i Grieghallen. Det blir musikalske innslag, talar og høve til å kjøpe den ferske jubileumsboka. Redaktørar for jubileumsboka er Sigrid Moldestad og Rasmus Stauri, biletredaktør er Knut Utler og design er ved Kristin Mack Alnæs.
  • Etter boklanseringa vert det invitert til ein storslått jubileumskonsert i Griegsalen med Hennar Majestet til stades.
NB! Skal du på jubileumskonserten vår må du merke deg at ingen kjem inn i salen etter at HM Dronning Sonja har kome inn. Vi har program i foajeen frå klokka 18.00, møt gjerne opp i god tid før det.
Antrekk: Vi set pris på pent antrekk, gjerne bunad


Jubileumskonsert i Grieghallen

Kultivator AS ved Mette og Vegar Vårdal har det kunstnarlege ansvaret for konserten, som har til føremål å feire heile organisasjonens arbeid, og ein vital og levande 100-åring.  Du kan lese meir om jubileumskonserten her: https://folkorg.no/grieghallen/

«FolkOrg har alltid vært viktig, og har vokst seg større og mer mangfoldig med årene. Det er som en blekksprut med travle armer som jobber over alt for at folkemusikken og folkedansen skal få gode vekstvilkår. Og arbeidet synes, det gror godt!, sier Mette Vårdal i Kultivator AS

FolkOrgs høge beskyttar

Hennar Majestet Dronning Sonja har vore høg beskyttar av FolkOrg sidan 2009.

Ordninga med beskyttarskap fungerer som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet. Per i dag er HM Dronning Sonja beskyttar for totalt 13 organisasjonar.

FolkOrg set stor pris på at Hennar Majestet tek seg tid til å delta på jubileumsfeiringa i Bergen. Dronninga har tidlegare vitja både Meisterkonserten i Operaen og Landskappleiken i Vågå.

 


Hennes Majestet Dronningen.
Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff.

 

Kontaktpersonar i høve både jubileumskonserten
og jubileet elles:

Hilde Reitan
Styreleiar i FolkOrg
482 34 101 // hilde@folkorg.no

Ann Helen Erichsen
Prosjektleiar for FolkOrg 100 år.
957 73 200 // annhelen@folkorg.no