Bygda Dansar si 20-årsmarkering på Riksscenen 24. - 26. september vert avlyst grunna pandemien og flutt til våren 2022. FolkOrg sine Rekrutteringsseminar og Dommarseminar vert òg avlyst og utsett.

AVLYST 
Bygda Dansar sitt 20-årsjubileum skulle vore markert med ei stor dansehelg på Riksscenen 24. – 26. september i år. Grunna den pågåande pandemien er jubileumshelga avlyst og flutt til våren 2022. FolkOrg sine seminar vert også avlyst og utsett til ein seinare dato

Bygda Dansar – 20 årsjubileum 
Norsk senter for folkemusikk og folkedans er arrangør for helga i samband med NU og FolkOrg. På programmet denne helga står både kurs, seminar og dansefestar.

 

AVLYST

Dommarseminar
I samband med jubileumshelga arrangerer FolkOrg dommarseminar. Det vert tre parallelle seminar denne helga, og ein kan velje mellom seminar i dans, spel eller vokal.

Kven kan delta på dommarseminaret?
Seminara er for deltakarar frå heile landet som vil lære om dommargjerninga, med eller utan dommarerfaringar sjølve. Det er krav om at deltakarane har god kunnskap om temaet dei ønskjer å fordjupe seg i, og eigne erfaringar frå tevlingar som deltakar.

Felles stikkord for seminara er: sentrale omgrep innan dømming, dommarskjema, tevlingsreglementet, retningsliner, prøvedømming, refleksjonar og diskusjonar.

For spørsmål ta kontakt med Solfrid N. Gjeldokk i FolkOrg på tlf: 415 52 655 eller på solfrid@folkorg.no.

AVLYST

Rekrutteringsseminar
Seminaret er meint som ein møteplass for alle som driv med rekrutteringsarbeid, og dei ulike Dextra-prosjekta er spesielt inviterte. Dagen vil innehalde samtaler, idémyldringar og diskusjonar kor problemstillingar, erfaringar og tankar kring rekrutteringsarbeid kan delast. Målet med seminaret er å inspirere kvarande og dele nyttige erfaringar.

FolkOrg har sidan 2017 samarbeida med Dextra Musica, og takka vere stønaden frå Dextra Musica kan FolkOrg stø oppom mykje av det gode rekrutteringsarbeidet som skjer rundt om i heile landet.

For spørsmål kontakt Sina Myhr i FolkOrg, sina@folkorg.no