I samband med Bygda Dansar sitt 20-årsmarkering arrangerer FolkOrg Dommarseminar på Riksscenen, 14. - 15. mai. Forlenga påmeldingsfrist 03.mai.

Bygda Dansar sitt 20-årsjubileum vert markert med ei stor dansehelg på Riksscenen 13. – 15. mai i år. Norsk senter for folkemusikk og folkedans er arrangør for helga i samband med NU og FolkOrg. På programmet denne helga står både kurs, seminar og dansefestar.

Sett av helga allereie no!

Dommarseminar

Dommarseminaret foregår i hovudsak 14. og 15. mai og det blir seminar i både spel, dans og song.

Kven kan delta?
Seminara er fagseminar innan spel, dans og song og er for deltakarar frå heile landet som vil lære meir om tradisjonsmusikk, folkedans og folkesong og som vil lære meir om dommargjerninga. Du treng ikkje ha vore dommar på kappleik tidligare, men deltakarane bør ha god kunnskap om temaet dei ønskjer å fordjupe seg i, og gjerne eigne erfaringar frå tevlingar som deltakar.

Felles stikkord for seminara er: faglege refleksjonar og diskusjonar, sentrale omgrep innan dømming, dommarskjema, tevlingsreglementet, retningsliner og prøvedømming.

Påmeldingsfrist 3. mai 

Jubileumshelg og dansefest
I samband med jubileumshelga blir det ein stor dansefest på Riksscenen laurdag 14. mai:
Verdas beste dansefest Billettar, kr. 375,- / kr. 220,-

Spørsmål og kontakt
For spørsmål ta kontakt med Solfrid N. Gjeldokk i FolkOrg på tlf: 415 52 655 eller på solfrid@folkorg.no.

Program:

Laurdag 14. mai: Kl. 09:30 – 16:00
Sundag 15. mai: Kl. 10:00 – 14:00

Instruktørar:
Dans – Mette Vårdal
Spel – Tom Willy Rustad, Arne Anderdal og Stein Villa

Overnatting:
Deltakarar på dommarseminaret får tilbod om overnatting med rabattert pris på Anker Hotel ved påmelding.

Påmelding direkte gjennom eiget skjema nedst på denne sida.

Seminaravgift

  • Seminaret kostar kr. 250,- for medlem av FolkOrg.
    (er du ikkje medlem kan du melde deg inn her: https://folkorg.no/meld-deg-inn-i-folkorg/)
  • Seminaret kostar kr. 500,- for deltakarar som ikkje er medlemer av FolkOrg