Velkommen til dommarseminar i Oslo. Påmeldingsfristen er 12. februar.

Seminar og dansefest!
Gjennom helga blir det arrangert tre parallelle seminar i vokal, spel og dans. Laurdag kveld arrangerer Riksscenen stor dansefest med Visdals Kvintett og Nye Rignesin! 

Seminara er for deltakarar frå heile landet som ynskjer fagleg påfyll og som vil lære om dommargjerninga, med eller utan dommarerfaring sjølve. Det er krav om at deltakarane har god kunnskap om temaet dei vil fordjupe seg i og gjerne eigne erfaringar frå tevlingar som deltakar.  

Felles stikkord for seminara er: faglege diskusjonar, refleksjonar og djupdykk i tradisjon, sentrale omgrep, tevlingsreglement, retningsliner, dommarskjema og prøvedømming. 

Tema for seminara
Temaet for seminaret i spel er samspel: samspel i lagspel og gruppespel. I lys av diskusjonane etter Landsfestivalen i sommar, blir det eit ekstra fokus på gammaldans.  

Temaet for seminaret i dans er samspel i dansen: samspelet med musikken, med publikum, mellom dansepartnarar og mellom para i ein lagdans.  

Temaet for vokalseminaret er eit generelt djupdykk i tradisjon og stiltrekk, samt forholdet vårt til kjelder og kjeldehenvisning.

Dommarseminaret i spel vert med:
Rikke van Ommeren og Tom Willy Rustad

Dommarseminaret i dans vert med:
Inga Myhr og Stian Roland

Dommarseminaret i vokal vert med:
Åshild Vetrhus

Påmeldingsfristen var 12. februar. Påmeldinga er stengt.

Seminaret startar laurdag kl 12 og avsluttast sundag ved lunsjtider. Deltakarane får tilsendt detaljert program for helga etter at påmeldingsfristen er ute. Meld deg på i påmeldingsskjemaet under.

Seminaravgift for medlem i FolkOrg / medlem student: 300 kr/ 100 kr
Seminaravgift for ikkje-medlem i FolkOrg: 550 kr

Billett til dansefest på Riksscenen laurdag kveld må kjøpast separat på Riksscenen.no. Seminardeltakarar får inngang på dansefesten til 80 kr.

Ynskjer du å melde deg inn i FolkOrg? Følg denne lenka: Bli medlem i FolkOrg

Det blir lagt opp til felles middag laurdag kveld på Südøst, nedst på Grünerløkka. Kryss av i påmeldingsskjemaet om du vil vere med.  

Rabattkode på Anker Hotel
Seminardeltakarar kan nytte seg av rabattkode på Anker Hotel. Kryss av i påmeldingsskjemaet om du ynkskjer å få tilsendt rabattkode.

Vi oppmodar lokallaga til å hjelpe sine medlemmer med å dekke nokon av utgiftene i samband med helga.