Den årlege folkemusikkhelga med Folkelarm og Meisterkonsert i Operaen vert arrangert på alternativt vis i 2020.

Arrangementsåret 2020 vart diverre ikkje slik vi håpa på og situasjonen rundt Covid-19 har gjort planlegginga av Folkelarm og Meisterkonserten i Operaen både utfordrande og uviss. Sjølv om det no er opna opp att for arrangement inntil ein viss storleik, har vi i år sett oss nøydt til å gjere endringar på våre to store haustarrangement.

FolkOrg kjem til å gjennomføre ein digital versjon av Folkelarm 2020 med berre norske musikarar. Vi planlegg å strømme Folkelarmprisen fredag 27. november medan årets showcasekonsertar vert strømma frå 10:00 – 22:00, laurdag 28. november. Årets Folkelarmartistar vert offentleggjort snart. På grund av avgrensa plassar i lokalet vil vi prioritere at norske delegater får fysisk tilgang til konsertane, men opnar for publikum i den grad smittevernreglane gjer det mogleg.

Meisterkonserten i Operaen skulle etter planen arrangerast for fjerde gong 29. november og med det sett punktum for årets Folkelarmhelg. Ettersom både Landsfestivalen i gammaldansmusikk og Landskappleiken er avlyst i år og restriksjonane for større arrangement og smittevern framleis gjeld, er det diverre ikkje mogeleg å gjennomføre Meisterkonserten i Operaen i 2020.

Vi i FolkOrg vonar at de vil fylgje strømminga av Folkelarm 27. og 28. november og at vi alle treffast att til Folkelarm i 2021!