Søknadsfristen for FolkLeiarUng gjekk ut 20. juni, og FolkOrg er godt fornøgde med oppslutninga til prosjektet.

FolkLeiarUng er eit nytt treårig prosjekt med oppstart hausten 2021. Prosjektet rettar seg mot unge folkemusikarar frå 15-23 år og spelemannslaga dei tilhøyrer. Saman med Vegar Vårdal og Kristoffer Kleiveland skal deltakarane utforske rolla som musikalsk leiar. Målet for prosjektet er å gi deltakarane eit inspirerande tilbod og motivasjon til å halde fram med spelinga og aktiviteten i laga.

 

Vi har fått inn mange sterke søknadar, og gler oss til å få satt prosjektet ut i live, seier Sina Myhr, prosjektleiar for FolkLeiarUng. Vi er takksame for at Dextra Musica gir oss moglegheita til å realisere dette prosjektet for våre unge folkemusikarar og landets spelemannslag. 

 

Søkjarane kan vente svar i løpet av juli månad. Om du mot formodning ikkje har mottatt bekrefting om at søknaden din er mottatt, ta kontakt med Sina Myhr (sina@folkorg.no, tlf. 95442592)

 

Her kan du lese meir om prosjektet: https://folkorg.no/folkleiarung/

 

 

FolkLeiarUng blir arrangert med stønad frå Dextra Musica