13 dommarar har takka ja til å dømme årets deltakarar i Skjåk.

 

 

 

Landsfestivalen i gammaldansmusikk er bygd kring ein enorm dugnadsinnsats, og dommargjerninga er ikkje noko unntak. Dei fleste av dommarane må setje av tida frå torsdag til søndag, og det går med mange timar til dømming og dommarmøter m.m gjennom festivalen. Dommarane får ikkje betaling, og dei tek på seg ei oppgåve som fleire av dei er spente på.

Heldigvis er det framleis ei ære å dømme på Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Dersom nokon av utøvarane eller publikum har klager i høve reglement, resultat, dømming eller liknande i løpet av Landsfestivalen, så skal dei ta kontakt med styret eller administrasjonen i FolkOrg.