Her kan du dele gode idear om korleis lokallag kan samarbeide med kulturskolen. Har ditt lag gode samarbeidsordningar eller -prosjekter? Legg gjerne inn informasjon her, slik andre kan dra nytte av dykkar erfaringar.
Informasjon om utfylling av skjemaet:
Om nokre av spørsmåla ikkje er relevante for tilbodet du vil skriv om, går du berre vidare til neste spørsmål.
Om det eksisterer eit anna slags tilbod som verken kan omtalast som fast tilbod eller midlertidig prosjekt, beskriv tilbodet så godt som mulig, (og gjerne ved hjelp av spørsmåla).
Vi vil gjerne forbetre oss så dersom det er spørsmål i skjemaet som du finn uklår eller du meiner det er noko som manglar, er vi glad for tilbakemelding.
Eksempla vil bli lagt ut på https://www.folkorg.no/idebank-samarbeid-mellom-spel-og-dansarlag-og-kulturskole/ etter kvart som svara kjem inn til oss.
Legg gjerne ved bilde, video eller prosjektskisser for å vise aktivitetane. Send evt. vedlegg til Øyvind Sandum, rådgjevar for lokallag i FolkOrg: oyvind@folkorg.no.
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Øyvind Sandum.