Dei nominerte til Årets lokallag og Årets folkemusikkarrangør er no klare. Prisane vert delt ut under Folkelarmprisen 16. november.

Kvart år deler FolkOrg – organisasjonen for folkemusikk- og folkedans, ut pris til eit spelemannslag og ein folkemusikkarrangør som på kvart sitt vis har utmerka seg spesielt.

Årets lokallag
Dei nominerte laga i 2019 har gjennom mange år gjort solid arbeid i laget gjennom rekrutteringsarbeid, arrangement og godt frivillig arbeid. Dei nominerte til prisen for Årets lokallag 2019 i FolkOrg er, i alfabetisk rekkjefylgje, Elverum Danselag, Spelemannslaget Fjelljom og Trysil-Knut Dans- og Spelmannslag.


Årets folkemusikkarrangør
Prisen for Årets folkemusikkarrangør har vorte delt ut av FolkOrg sidan 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane. Samstundes skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling og utvikling på arrangørfeltet. Dei nominerte til prisen for Årets folkemusikkarrangør 2019 er, i alfabetisk rekkefylgje: Heme Dine, Osafestivalen og Storefjelltreffen.

 

Begge prisane er på 10 000 kroner og vert delt ut under Folkelarmprisen 16. november.
Nærmare presentasjon av dei nominerte vil bli publisert på våre nettsider.