Fristen for å sende inn danseglede filmar til felles-filmen er ute men lag gjerne eigne filmar og spre i sosiale medier! #dangseglede

 Hardingfela.no inviterer til danseglede!

Skular, barnehagar og andre kring i heile landet har det no kjekt med å læra seg songen og dansen «Danseglede». Dansen til Danseglede er ein enkel og kul måte å læra seg element frå folkedansen, og ein treng ikkje førehandskunnskap i det heile. Ein kan dansa åleine eller saman, halda i hendene eller ikkje. Koreografi og at alle gjer det likt er ikkje viktig her. Det viktigaste er dansen og gleda!

Her finn du danseglede musikk og dans
Øvingsvideoane der du lærer deg dansen steg for steg finn du på Youtubekanalen til hardingfela.no (lenke)

Songtekst, danseregien i stikkordsform, arrangement til musikken og lydfiler finn du her (lenke)

Dersom du vil sjå når små og store dansarar dansa på Hardangerbrua, Mølstertunet på Voss, Fløyen og Akvariet i Bergen så ta ein kikk her (lenke)

Lag eigen film! 
Dersom de vil laga dykkar eigen Dansegledefilm så vert me veldig glade for det! Me skal setje i hop ein stor Dansegledefilm med innslag frå heile landet med premiére 31.oktober.

Frist for å senda inn dykkar film var 1.oktober, men lag gjerne eigne filmar likevel og del i sosiale medier med #dangseglede

Tips og gode råd til eigen film
Tips dersom de vil laga og senda inn dykkar eigen film:
(fristen for å sende inn til fellesfilm er ute men lag gjerne eigne filmar)

  • Film i liggjande format og i så god oppløysing som de får til på dykkar kamera/mobil
  • Prøv å unngå at filmen vert for mørk, film t.d. gjerne ute i dagsljos
  • Dersom de har stativ til kameraet/mobilen så bruk det, eller prøv at kameraet ligg mest mogeleg i ro.
  • Og det er veldig fint om lyden av Danseglede kjem med på filmen, då er det enklare å redigera i etterkant
  • Avklar med medverkande eller foreldra deira at det er greitt at dei vert filma, og at delar av filmen mest sannsynleg havnar på sosiale medium.

 

 

Dele i sosiale medier
Dersom de ynskjer å dele dykkar eigen film på sosiale medium så er det sjølvsagt topp! Ha gjerne med #danseglede2021

Fakta om Danseglede
Idé og tekst: Lajla Renate Buer Storli
Melodi: Lajla Renate Buer Storli og John Ole Morken
Regi og koreografi av dansen: Inga Myhr og Magni Rosvold
Arrangement: Jo Asgeir Lie
Vokal: Lajla Renate Buer Storli
Musikarar: Kvarts, Kåre Opheim og John Ole Morken
Kor: Berit Opheim og elevar frå Voss kulturskule

Hovudprodusent av Danseglede: Jo Asgeir Lie Medprodusent av Danseglede: John Ole Morken Innspeling, mix og mastering: Hallibakken Lydproduksjon Film og redigering: Front Film

Støtta av: Sparebanken Vest
Prosjektansvarleg: Hardingfela.no
(Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss museum)
Samarbeid med FolkOrg

Kontaktperson for danseglede
Rannveig Djønne
Rannveig@olebull.no
tlf.nr. 47 29 10 12

Styret i FolkOrg er med! Bli med du og!