Buskerudkappleiken er i år 25. mai på Ål.

Arrangøren håpar mange tek turen til Ål denne laurdagen, og skriv dette om arrangementet: 

Velkommen til Buskerudkappleiken som i år gjeng føre seg på Ål i samarbeid med Folkemusikkveka!

Det vert kappleik på kulturhuset frå kl. 10 med tradisjonell klasseinndeling. I Buskerudkappleiken er det i tillegg til dei vanlege klassane også premie for beste dansespel, og ny klasse i år er lagspel med komp (i tillegg til vanleg lagspel).

All laustevling er slått saman med laustevlinga til Folkemusikkveka og foregår ute på Sundrehallplassen, der blir det også den tradisjonelle hattesparkkonkurransen kjent frå Buskerudkappleiken, der det tevlast om å ha høgast kast.

Tevlinga i hardingfele og fele er slått saman med Fanitulltevlinga på hotellet, og deltakarane kan velge om dei vil tevle i ein eller begge. Det vert finale om kvelden.

Sjokoladekappleiken vert ein del av Bygdamønstringa, med dei yngste utøverane fyrst i programmet.

Rabatt for deltakarane på Folkemusikkveka! Deltakarar utan tilknytning til Buskerud er også velkomne til å tevle! Me kan lokke med fine premier og flotte vandrepremier! Dansespel om kvelden på hotellet med spelemenn og -kvinner frå Buskerud.

Påmelding til Buskerudkappleiken 2019 har opna! Lenken finner du her: http://tevling.folkorg.no

For meir informasjon om klassar og program, sjå aalspelogdans.blogspot.no eller facebook: Buskerudkappleiken 2019!