FolkOrg tilbyr medlemskap for både enkeltmedlem, lokallag og arrangørar.

FolkOrg er ein organisasjon som arbeider for gode vilkår for folkemusikarar, folkedansarar,lokallag, folkemusikkarrangørar, og yrkesutøvarar i heile Noreg.

FolkOrg er  rådgjevarar for sine medlemsgrupper innan m.a. organisasjonsarbeid,  det frivillige feltet, det profesjonelle feltet, tilskotsordningar, lagsarbeid og kulturpolitiske spørsmål. FolkOrg forvaltar stønadsordningar som både medlem, medlemslag og arrangørar kan søkje på.

Alle som er medlem i FolkOrg har tilgang til å delta på Landskappleiken og Landsfestivalen.

ENKELTMEDLEM

Du får mange gode medlemsfordelar ved å være medlem i FolkOrg, og får mellom anna rett til å delta på Landsfestivalen og Landskappleiken, samt rabatt på ein del av billettane til Landsfestivalen, Landskappleiken og Folkelarm.

Meld deg inn her!

LOKALLAG
FolkOrg er også rådgjevarar for sine lokallag i m.a. organisasjonsarbeid, søknadsskriving og arrangering av kurs og konsertar.

Medlemslag i FolkOrg får ein egen portal i medlemssystemet StyreWeb med ein del hendige funksjonar som gjer det lettare for styret å halde kontakten med medlemma sine.

FolkOrg forvaltar stønadsordningar som Frifond organisasjon, Rekrutteringstøtta og Aktivitetstilskot. Dette er støtteordningar som medlemslag kan søkje på.

Les meir om korleis du kan melde inn laget ditt i FolkOrg her.

ARRANGØRAR

FolkOrg er med i Arrangørforum (eit landsomfattande nettverk), og jobbar stadig for arrangørfeltet, både fagpolitisk og gjennom ulike avtaleforhandlingar.

Ved å vera medlem i FolkOrg vert arrangørar ein del av Norsk Musikkråd si rammeavtale for Tono-vederlag, og ein kan òg søke om m.a. momskompensasjon og FriFond-midlar gjennom medlemskapet.

Les meir og bli arrangørmedlem her.

YRKESUTØVAR

Med yrkesutøvar meiner ein utøvarar, pedagogar og instrumentmakarar som har inntekt av folkemusikk og/eller folkedans”. Ein må vera enkeltmedlem i FolkOrg for å kunne registrere seg som yrkesutøvar. 

FolkOrg arbeider for yrkesutøvargruppa med kulturpolitisk arbeid, CREO, utdanningsinstitusjonane, opphavsrettar, samarbeid kring Folkelarm og andre bransjetreff i Europa, arrangørfeltet, fagleg påfyll og erfaringsutveksling.

Les meir og registrer deg som yrkesutøvar her.