Du kan kjøpe billett til jubileumskonserten i Grieghallen allereie no, og som medlem i FolkOrg får du rabatt på billettar og overnatting!

Billettar til jubileumskonserten

Vi sel billettane gjennom Grieghallens billettsystem, og du kan sjøl velge kvar du vil sitte i salen. Det kostar litt meir å sitte i nedre del av salen. Som medlem i FolkOrg får du rabatt på billetten, da vel du billettkategori «FolkOrg Medlem».

Kjøp billett via Grieghallens billettsystem her!

Hotellovernatting i Bergen

Som medlem i FolkOrg får du 15 % rabatt på overnatting hjå alle hotella som er knytt til «De Bergenske Hotell».

Her ser du oversikt over kva hotell som gjev rabatt til FolkOrg-medlemmar

For rabattkode på overnatting, send e-post til annhelen@folkorg.no

 Jubileumshelg i Bergen 13. – 14. oktober!

Vestlandskappleiken, som er eit samarbeid mellom Bergen UL Ervingen, Spelmannslaget Fjellbekken og Bygdedanslaget i Bjørgvin, startar fredag 13. oktober og avsluttast laurdag 14. oktober.

Laurdag blir det lansering av FolkOrgs jubileumsbok, festforestilling i Grieghallen og dansefest!

Sett av heile helga!