Bærum Spelemannslag vart kåra til Årets lokallag for å heidre det gode arbeidet dei gjer for å halde oppe eit aktivt og inkluderanda spelemannsmiljø i Bærum og Oslo-området, mange års god rekruttering, og for å vera eit framoverretta lag som stadig er i utvikling. 

Bærum Spelemannslag er årets lokallag 2021

Bærum Spelemannslag vart kåra til Årets lokallag for å heidre det gode arbeidet dei gjer for å halde oppe eit aktivt og inkluderanda spelemannsmiljø i Bærum og Oslo-området, mange års god rekruttering, og for å vera eit framoverretta lag som stadig er i utvikling.

Bærum Spelemannslag er eit hardingfelelag stifta i 1993 og har sidan oppstarten vore eit lag for alle, der alle kan ta med seg musikken frå der dei kjem i frå og lære musikk frå heile landet. I dag er laget ein god miks av felespelarar og songarar i alle aldrar, frå heile landet, og på alle nivå.

Med sine faste, vekentlege øvingar og deltaking på ei rekke faste aktivitetar som kappleikar, dansespel, St. Hans-feiring, Musikkens dag i Oslo, Byfest i Sandvika, m.m., er Bærum Spelemannslag eit av dei mest aktive hardingfelelaga i Bærum, Oslo og omegn.

Sidan pandemien braut ut har Bærum Spelemannslag lagt ned mykje arbeid i å finne kreative måtar å halde aktiviteten oppe på, trass i at det tidvis har vore vanskeleg å møtast. Dei har mellom anna hatt digitale samspelprosjekt som både har vore miljøskapande og som sidan har blitt nytta til opplæring.

Styret i laget har det siste året sett i gong ei stor satsing på digitalisering og ny digital profil for laget, der eit av måla er å nytte den nye digitale plattforma til rekruttering, samtidig som dei ynskjer å vera til inspirasjon for andre lag og foreiningar.

 

FolkOrg gratulerar Bærum Spelemannslag med prisen Årets lokallag 2021!

Bærum spelemannslag feirar at dei har vorte Årets lokallag 2021! 

 

Bærum Spelemannslag under Landskappleiken i 2019.
Foto: Liv Annette Nygjerdet