Minneprisen er til unge utøvarar på hardingfele og vert delt ut hausten 2020. Frist for innsending av forslag til minneprisen er måndag 21.september.

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.

Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.

På grunn av situasjonen med coronasmitte er det per no ikkje bestemt tid og stad for utdeling av minneprisen, eller i kva samanheng den vil bli delt ut, men den skal delast ut i haust.

FRIST for innsending av forslag er mandag 21.9.2020.

 

Forslag skal sendast til:

Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen
e-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no

Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2020”.

For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/