Avlysinga av årets arrangement førte til endringar i dei planlagde arrangørstadane i åra framover.

Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk vart avlyst i 2020, noko som førte til endringar i dei planlagde arrangørstadane. I dei komande åra finn arrangementa stad på følgjande plassar:

Landskappleiken 2021: Rjukan i Tinn 23.-27 juni
Landsfestivalen 2021: Vågå, 4.-8. august

Landskappleiken 2022: Lom
Landskappleiken 2023: Gol

 

Landsfestivalen i gammaldansmusikk har foreløpig ingen arrangørar etter 2021. Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk er lyst ut for fem år framover, og FolkOrg oppmodar lokallag og områdelag om å vurdere og ta på seg arrangementa i åra som kjem.

Les meir om utlysinga her: Utlysing av Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk

Ynskjer du meir informasjon? Kontakt kappleiksrådgjevar i FolkOrg, Sina Myhr: sina@folkorg.no, 95442592