Landskappleiken skal i desse åra til Telemark, Gudbrandsdalen og Hallingdal.

Arrangørar av Landskappleiken 2020 – 2022
FolkOrg lyste ut Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk for fem år med søknadsfrist hausten 2018. Det har enkelte år vore utfordrande å få arrangørar for Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk, og styret håpa på at mogelegheita for å søke om ta på seg arrangementa fleire år fram i tid, kunne vere med på å utvide arrangørrunden. FolkOrg har motteke søknadar for Landskappleiken i åra 2020, 2021 og 2022, medan ingen har søkt om å arrangere Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

Arrangørar av Landskappleiken
2020: Rjukan, 24. – 28. juni. Arrangør er Tinn Spelemannslag, Falkeriset Folkemusikklag, Gransherad Spel og dansarlag og Seljord folkemusikklag

2021: Lom, arrangør er Lom Spel- og dansarlag.
2022: Gol, arrangør er Gol spel- og Dansarlag og Ål Spel- og Dansarlag


Landskappleiken på Rjukan 2020
Landskappleiken har aldri vore arrangert på Rjukan før, og Landskappleiken har ikkje vore i Telemark sidan 2011, då den vart arrangert i Seljord. Øystein Haugen frå Tinn Spelemannslag vert leiar for Landskappleiken på Rjukan. Han er glad for å få kappleiken til Rjukan:

”Som leiar I Hovudnemnda LK 2020 er det ei stor glede å ynskje alle velkomne te kappleik dagar i Tinn 24.- 28. juni 2020. Dei 4 arrangørlaga vil gjera sitt ytterste for at  alle skal få ei god oppleving”, seier Øystein Haugen.

Leiar i FolkOrg, Hilde Reitan seier ho er svært glad for at vi har fått på plass arrangørar av Landskappleiken for dei 3 neste åra, og vil rette ein særskilt takk til arrangør i 2020, Rjukan.

«Det var opprinneleg Rauland med Tinn Spelemannslag, Falkeriset Folkemusikklag og Seljord folkemusikklag som søkte om Landskappleiken  i 2020, men pga ombygging på Raulandsakademiet, blei det utfordrande å få gjennomført arrangementet midt under byggeperioden. Hovudnemnda svinga seg rundt  og flytta like godt heile arrangementet til Rjukan, der dei fekk med seg Gransherad Spel og dansarlag i tillegg. Med ei så løysingsorientert hovudnemnd og leiar, er eg trygg på at vi vil få ein flott landskappleik  i historiske Rjukan,» seier Hilde Reitan