Under Folkelarmprisutdelinga på Riksscenen laurdag kveld vart Hardanger spelemannslag utnemnt til årets lokallag

Dette sa styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, om vinnaren:

– Årets lokallag i FolkOrg i 2018 er eit lag som held til i eit område med rike tradisjonar både innan spel, dans og song. Dei gjer eit framifrå arbeid for å helde tradisjonane i hevd, både med tanke på rekruttering, oppretthalding av miljø, dokumentasjon og å gjera musikken kjend utanfor sin region.

Laget har godt samarbeid med fleire kulturaktørar i sitt distrikt og har i år markert 70-årsjubileum både heime og her på Riksscenen i Oslo. Laget har medlemmar både frå sitt distrikt, fleire stader i Noreg og i andre land – til og med i Japan!

Då er det vel ikkje lenger nokon tvil om at årets lokallag i FolkOrg er neste års arrangør av Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Kinsarvik.

Årets lokallag i FolkOrg i 2018 er Hardanger spelemannslag!