Vi gratulerar Setesdal Spelemannslag som Årets lokallag 2020!

Årets lokallag
Lokallaga er ryggrada i FolkOrg. Dei syner stor aktivitet, og det er mange lag som fortener heider for sitt arbeid med folkemusikken og folkedansen. FolkOrg ynskjer å løfte fram det gode arbeidet som lokallaga gjer, gjennom mellom anna å dele ut prisen for ”Årets lokallag”. Prisen er på kr. 10 000,-

Setesdal spelemannslag vart skipa i 1930 og er eit lag med lange og rike tradisjonar. Setesdal har ein rik folkemusikk og folkedanstradisjon og spelemannslaget har fostra fleire markante folkemusikarar og folkedansarar som både har vore viktige inspirasjonskjelder i laget og sterke ambassadørar for Setesdalstradisjonen.

Setesdalskappleiken vert arrangert kvart år i august, og spelemannslaget arrangerer konsertar, kurs og folkemusikkpubar og «jolepub» kvart år. Ungdomsgruppa ‘Sæbyggjan’ består av både kvedarar, dansarar og spelemenn og er aktive i og rundt spelemannslaget, både på kappleikar og på ulike oppvisningar.

Setesdal Spelemannslag har sidan 2012 arbeidd med å få Setesdalstradisjonen inn på UNESCO si verdsarvsliste for immateriell kulturarv. Målet bak arbeidet har vore å bevare og overføre kulturarva til framtidige generasjonar og å hindre at folkemusikken, stevkunsten, dansen og slåttespelet skal gå tapt. I desember 2019 vart søknaden innvilga og Setesdalstradisjonen vart det fyrste norske bidraget som er ført opp på UNESCO si versarvliste over immatriell kulturarv.

Vi gratulerer Setesdal Spelemannslag med prisen!

Årets lokallag er Setesdal Spelemannslag!

Hør det fine takkestevet frå Setesdal Spelemannslag!