Halldis Folkedal, Knut Utler og Runhild Heggem er nominert med kvar sitt fotografi til prisen Årets Folkemusikkfotografi 2019! Prisen vert delt ut under Folkelarmprisutdelinga laurdag 16. november på Riksscena i Oslo.

Nominert: Biletet er teke under arrangement i regi av Noregs Ungdomslag der dei hadde innspeling til Folkepedia på Linderud gård i februar 2019. Fotografen er Halldis Folkedal.
Nominert: Biletet er teke på Tuvas Blodklubb på Riksscenen i januar 2019. Fotografen er Knut Utler.
Nominert: Biletet er teke under lagdanstevlinga på Landskappleiken i Vågå i 2019. Fotografen er Runhild Heggem.