Under Folkelarmprisutdelinga på Riksscenen laurdag kveld var det folkemusikkscena Trad Session i Fredrikstad som fekk tittelen årets folkemusikkarrangør i 2018.

Dette sa styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, om vinnaren:

– Årets folkemusikkarrangør er ein arrangør som har satsa stort på folkemusikken. Denne arrangøren har fått til gode samarbeid med fleire lokale aktørar og det er ingen tvil om at artistar set stor pris på å komma dit.

Årets folkemusikkarrangør har husa mange artistar gjennom fleire år, og feirar i år 10 år som arrangør i ein region i Noreg der folkemusikken ikkje har så stort og breitt fotfeste som mange andre stader i landet. Likevel har scena lukkast i å opparbeida eit godt omdømme og har arrangert imponerande mange konsertar med høge publikumstal.

Samarbeidet mellom Østfold Musikkråd, St. Croix-huset og Richard Burgess bør vere eit godt førebilete for andre som ønskjer å skapa gode konsertarenaer for folkemusikken og folkedansen.

Årets folkemusikkarrangør i FolkOrg i 2018 er Trad Session!