Årets folkemusikkarrangør er Heme dine!

Under Folkelarmprisutdelingen torsdag 25. november vart prisen for årets folkemusikkarrangør delt ut. Dei nominerte til prisen var Heme dine, Rudi Gard og Tronheimfolk. Alle desse er sjølvsagt alle verdige vinnare av denne prisen, men kun ein kan til slutt verte utnemd og i år er det fjell-festivalen Heme dine som får tittelen som Årets folkemusikkarrangør 2021.

Heme dine
Heme dine vert arrangert på Lillerøåsen i Engerdalen og har sidan starten i 2016 opparbeidd seg eit godt renommé og ein solid publikumsbase. 

Festivalen er drive av unge og motiverte festivalarbeidarar og viktige stikkord for arrangementet er innovative kulturopplevingar, store musikkopplevingar, friluftsliv, kurs, konsertar og dans. 

Intimt og triveleg
Heme dine har i løpet av få år greidd å skapa eit godt rykte både blant lokalbefolkninga og i resten av Folkemusikk-Noreg. I tillegg til meir kjende artistar tek også festivalen med den lokale kulturen inn i programmet, både i form av mat, musikk, dans og natur. Friluftsliv og natur har òg ei sentral rolle i festivalen, og dette set sitt preg på fleire ledd i festivalen, i form av til dømes kurs, fjellturar og foredrag. På Heme Dine er det er stadig noko nytt å vera med på for publikum.   

Viktig rekrutteringsarbeid
Heme dine arrangerer òg sommarleir for born og unge. Sommerleiren er ein møtestad der barn og unge får mogelegheit til å møte andre med same interesse. Sommarleiren tilbyr både opplæring innan både friluftsliv, instrument, song og dans og dei som deltek får oppleve både natur og kultur i lag. Dette er viktig og flott rekrutteringsarbeid!  

Heme dine 21. – 24. juli 2022
Ta turen til Heme dine i 2022, og få med deg den fine fjellfestivalen som lovar oss at alt smakar betre ute

Alt du treng å vete om Heme dine finn du her: www.hemedine.no

Her ser du kven som står bak Heme dine