Ann Helen Erichsen er tilsett som ny prosjektleiar for Folkelarm og vil ha også ha ansvaret for arbeidet som skal gjerast opp mot yrkesutøvarane i FolkOrg.
Erichsen har vore dagleg leiar for Farsund Folk Festival i fem år. Gjennom den jobben har opparbeida seg god erfaring på å gjennomføre arrangement, og ho har opparbeida seg eit stort internasjonalt nettverk. Ho har lang og brei erfaring som leiar og prosjektleiar både innan kultur og reiseliv. Mellom anna har ho både vore kinosjef og turistsjef.
-Vi har stor tru på at Ann Helen vil passe godt i til å leie Folkelarm og arbeidet mot yrkesutøvarane i FolkOrg. Ho brenn for folkemusikken og folkedansen, er strukturert og profesjonell, har relevant erfaring og er god på samarbeid, nettverksbygging og involvering, seier dagleg leiar i FolkOrg, Linda Dyrnes
-Eg er veldig takknemleg og glad for moglegheita eg har fått. Det blir spennande å få vere med på å utvikle Folkelarm. Vi skal skape ein viktig møteplass for utøvarane, arrangørane, publikum og norske og internasjonale delegatar. Eg gler meg til å bli betre kjend med våre yrkesutøvarar, og saman finne ut på kva måte vi best skal arbeide for dei, seier Ann Helen Erichsen.
Ho er no prosjektleiar for jubileumsfeiringa i FolkOrg, og vil framleis ha det ansvaret ut året, samtidig som ho byrjar i den nye jobben.