For å bøte på konsekvensane av Covid-19-pandemien har på kulturlivet, har regjeringa etablert fleire krisepakker for både kunstnarar, arrangørar, underleverandørar og for frivilligheita. Hugs å søkje!
Kunstnarstipend – søknadsfrist 5.august:
Regjeringa har sett av 100 millionar kronar til kunstnarstipend, der 70 skal forvaltas av Kulturrådet og 30 av Fond for utøvende kunstnere. Dei ekstraordinære stipenda er på kr 100 000.
Les meir og søk hos Kulturrådet
Les meir og søk hos Fond for utøvende kunstnere
Kompensasjonsordning for arrangørar og underledd – søknadsfrist 15.september:
Føremålet med denne ordninga er å kompensere tap og meirutgifter i samband med utsetjing, heil eller delvis stenging eller avlysing av arrangement i kultursektoren som ei følgje av pålegg gitt av statlege myndigheiter i samband med COVID-19-utbrotet.
Les meir om ordning og søk tilskot her
Ny krisepakke for frivilligheita - søknadsfrist 15.september
Ein ny koronakrisepakke for frivillige lag og organisasjonar er klar. Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydelege inntektstap frå arrangement eller anna spesifisert aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av staten i samband med COVID-19-utbrotet.
Krisepakke 2 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. august 2020.
Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret.
Det kan søkjast om:
- Tapte inntekter fråarrangement som skulle vore arrangerte i perioden (for eksempel tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter).
- Arrangement vil seietidsavgrensa aktivitetar som er opne for alle medlemmene, besøkande, publikum og andre deltakarar i målgruppa.
- Tapte billettinntekter fråanna spesifisert aktivitet i perioden (for eksempel museer, akvarier, kinoar eller idrettsanlegg).
- Anna spesifisert aktivitet vil seietilbod i regi av frivillige verksemder som skulle vore opne for besøkande i den gjeldande
- Tapte utleigeinntekteri perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, båtar og andre rom og lokale).
- Tapte inntekter som følgje av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknytingtil eit arrangement eller anna spesifisert aktivitet.
Les meir på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.