Her finn de aktuell informasjon om koronatiltak og aktivitet i lokallag.

Dette er ei samleside med relevant informasjon kring koronaviruset for frivillige lag og organisasjonar.

Merk at det er til ein kvar tid er nasjonale reglar og lokale vedtak og råd frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til som gjeld.
Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen, og om de er i tvil så oppmodar vi alltid til å ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing.

Status pr. 19. FEBRUAR:
VIDAREFØRING AV FORSTERKING AV NASJONALE TILTAK av 19. februar 2021:

FRITIDSAKTIVITETER:
19.02.21:

  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei er unnateke frå anbefalinga om ein meters avstand når det er naudsynt for å drive med aktiviteten.
  • Barn og unge under 20 år kan delta i idrettsarrangement som samlar deltakere frå same kommune. Innandørs kan det vere inntil 50 personar på slike arrangement. Utandørs er grensa 200, og det inkluderar utøvarar, trenarar, dommarar og eventuelle tilskodarar.
  • Styresmaktene vidarefører nasjonal anbefaling om å utsette innandørs fritidsaktivitet for vaksne. Utandørs kan det gjennomførast fritidsaktivitet for vaksne dersom det er mogeleg å halde god avstand.

ARRANGEMENT:

  • Maksimalt 100 personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement og seremoniar.
  • Kravet om fastmonterte plasser erstattast med krav om faste, tilviste sitteplassar
  • Kulturarrangement må utsettast dersom desse samlar personar frå fleire kommunar. Dette omfattar arrangement både inne og ute.
  • 200 personer på utandørs arrangement som ikkje er privat sammankomst, likevel 600 personar der alle i publikum sit på tilviste plassar.
  • Det vert synleggjort i regelverket at medlemsmøte, inkludert møte i foreiningar og liknande reknast som arrangement (nytt).

Endringane gjeld frå midnatt, natt til tirsdag 23. februar. Regjeringa vil gjere ei ny vurdering av tiltaka i midten av mars.

ELLES:
– Musikkøvingar kan gjennomførast i tråd med rettleiar frå NMR
– Konsertar og arrangement – sjå rettleiar frå NKA

Vi oppmodar òg om å følgje med på desse sidene for meir informasjon om koronaviruset:
Frivillighet Norge 
Norsk Musikkråd
Noregs Ungdomslag

Praktisering av smitteverntiltak for kultur-, idrett- og frivillighetsfeltet
25.02.21

Her finn du spørsmål og svar om praktisering av smitteverntiltak for kultur-, idrett- og frivillighetsfeltet.

Musikklivet er framleis i limbo
19.02.21

Torsdag 11. februar fekk Norsk musikkråd stadfesta frå Kulturdepartementet at den nasjonale tilrådinga om å avstå frå innandørs fritidsaktivitet for vaksne ikkje er til hinder for at kommuner sjølv kan tillate dette.

Kommunelegar flest deler diverre ikkje denne oppfatninga. Dei meiner ei nasjonal tilråding må ligge til grunn for deira smittevernfaglige avgjersler, og at er det ikkje er nokon mogelegheit for eit lokalt handlingsrom basert på smittesituasjonen i dei einskilde kommunane.

Kommunar bør vurdere innandørs musikkøvingar
11.02.21

Norsk musikkråd har fått stadfesta frå Kulturdepartementet at den nasjonale anbefalinga om å avstå frå innandørs fritidsaktivitet for vaksne, ikkje er til hinder for at kommuner sjølv kan tillate organisert fritidsaktivitet innandørs, dersom dei vurderer at situasjonen tillet det.

No må vi jobbe saman for å opne kulturlivet
01.02.21

Med unntak av øvingar for barn og unge har musikklivet vore stengt ned sidan nyttår. Norsk musikkråd meiner det må opnast for aktivitet i kommunar som har smittesituasjonen under kontroll, og regjeringa bør gjera dette ved hjelp av meir regionalt differensierte tiltak og anbefalingar.

Kan vi gjennomføre musikkøvingar no?
25.01.21

Det er innført strenge smitteverntiltak i totalt 25 kommuner på Austlandet, men mange stader i landet kan det framleis gjennomførast fritidsaktivitetar for barn og unge under 20 år.

Rettleiar for smittevern i frivillege organisasjonar

Frivillege organisasjoner og lag kan gjennomføre aktivitetar innanfor smittevernreglane. Her er Frivillighet Norge og LNU sin oppdaterte rettleiar for kva hensyn organisasjonane må ta.
Oppdatert 18. januar.

Oppdaterte råd om smittevern

5. november gjekk NMR ut med ei generell oppmoding om å ta pause frå musikkøvingar. Ein ser no at smittetala flatar ut i mange kommuner, medan smitta framleis er svært høge andre stader. Dette gjer det utfordrande å avgjere om det kan gjennomførast øvelser og arrangementer. Det er derfor viktig å følgje ekstra nøye med i tida framover, og å fylgje smittevernrettleiarar og gjeldande oppmodingar.

Musikkøvingar kan gjennomførast dersom smittevernreglane vert fylgd.

For å bekjempe spredningen av covid-19 i befolkningen har helsemyndighetene den 28. oktober endret sine råd og anbefalinger.

Lagsøvingar og smittevern

Korleis kan ein starte opp att med øvingar i lag og samstundes oppretthalde smittevernet? Her finn du tips og råd.

Musikkøvingar og konsertar kan gjennomførast, men med restriksjonar. Vi oppmodar om at vinterens lagsaktivitetar vert planlagt med gode tilretteleggingar for smittevern, ved å følge nasjonale råd og ta ekstra hensyn til lokale forhold.

Norsk Musikkråd si temaside om koronaviruset. 

Norsk Musikkråd har informasjon kring både musikkøvingar (lagsøvingar), tilskot og tips og råd til lokalag.

Smittevern for konsertar og arrangement.

Norske konsertarrangører har produsert ein informasjonsplakat i samband med smittevernrettleiaren for konsertar. Plakaten er meint for både arrangør, artist og publikum.

Sviktende inntekter i kulturlivet, idretten og frivillig sektor på grunn av koronavirus. Hvilke tiltak finnes og hvor kan du henvende deg?

Det er fleire tiltak som allereie er på plass og ein del tiltak som er under utarbeiding. Regjeringa har laga ei samla oversikt over kva regjeringa gjer og kvar ein skal henvende seg for å få svar når det gjeld dei ulike ordningane.

Ta gjerne kontakt med oss!

Rådgjevar for lokallag og folkemusikkarrangørar
Solfrid Nestegard Gjeldokk
solfrid@folkorg.no
Tlf: 415 52 655

Linda Dyrnes
Dagleg leiar
linda@folkorg.no
Tlf: 481 05 075