Her finn de aktuell informasjon, artiklar og ytringar om konsertarrangering og koronatiltak.
Denne sida er ei samleside med aktuell informasjon for konsertarrangørar under koronapandemien, og inneheld både relevant informasjon, artiklar og ytringar.
Merk at det er til ein kvar tid er nasjonale reglar og lokale vedtak og råd frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til som gjeld. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen, og om de er i tvil så oppmodar vi alltid til å ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing.
NASJONALE RÅD OG ANBEFALINGAR
Oppdatert 12. feb 2022
Regjeringen har no fjerna alle forskriftsfesta tiltak mot covid-19.
Endringane gjeld frå kl. 10:00.
- Krav og anbefaling om å halde ein meters avstand vert oppheva
- Krav om bruk av munnbind vert oppheva.
LES MEIR PÅ REGJERINGA SI INFOSIDE OM ARRANGEMENT OG KORONA
Vi oppmodar i tillegg konsertarrangørar om å fylgje med på desse aktørane for meir informasjon:
Regjeringa si eigen koronaside
Norsk Kulturråd
ballade.no
Creo – forbundet for kultur og kultur
Musikkhjemmekontoret
KulturPlot

No vert dei fleste tiltaka fjerna!
12.02.22
Regjeringen har no fjerna alle forskriftsfesta tiltak mot covid-19. Endringane gjeld frå kl. 10:00, 12. februar.

Store lettelsar for kulturen, idretten og det frivillige feltet
01.02.2022
No kan barn, unge og vaksne drive med fritidsaktiviteter utan anbefalingar om reduserte gruppestorleikar eller krav til avstand.

Regjeringa fjernar mange av tiltaka
01.02.2022
Regjeringa fjernar mange av dei strenge tiltaka mot korona. Endringene gjelder frå klokka 23.00 tirsdag 1. februar.

Regjeringa lettar på tiltaka
13.01.22
Oppdatert informasjon om regjeringa sine smitteverntiltak og restriksjonar. Tiltaka gjeld frå midnatt, natt til 14. januar og skal vurderast på nytt i starten av februar.

Stimuleringsordning for kulturlivet
07.01.22
Denne runden med stimuleringsordning gjeld for arrangement frå og med 8. desember 2021 til og med 31. mars 2022.
Søknadsfrista er torsdag 27. januar kl. 13.00 og gjeld for heile perioden.

Nasjonale tiltak
15.12.21
Oppdatert informasjon om regjeringa sine smitteverntiltak og restriksjonar. Tiltaka gjeld frå midnatt, natt til 15. desember og 4 veker framover.

Koronatiltak under Kulturdepartementet
Smitteverntiltaka etter utbrotet av covid-19 har fått store konsekvensar for kultur-, frivillighets- og idrettssektoren. Her finn du Kulturdepartementets tiltak listet opp i kronologisk rekkefylgje.

Nasjonale tiltak
16.04.21
Her finn du kortfatta informasjon om nye, nasjonale tiltak pr. 16. april.

Organisasjonen for det frivillige musikk-Norge ønskjer likebehandling av idrett og kultur, og etterlyser kompensasjons- og stimuleringsordningar som legg betre til rette for feltet.

CREO sin kommentar til regjeringa sin plan for gjenopning
07.04.21
Kva med breiddekulturen? Regjeringa nemner breiddeidretten og konkurransar mange gonger. Men kvar vart det av breiddekulturen? Barn og unge som syng i kor, spelar i korps og orkester, deltek på dans, teater og andre kunstformer må også få samlast. Det same gjeld dei vaksne som finn glede og mening i å delta i kulturaktivitetar. Dei må få samlast på lik line som breiddeidretten, både gjennom organisert samspel og andre aktivitetar.

Plan for gjenopning av samfunnet
07.04.21
I dag presenterte regjeringa ein firetrinns plan for opning av samfunnet. I prosessen med å opne opp att vil regjeringa vente om lag 3 veker og vurdere om det er trygt å gå vidare til neste trinn i planen.
Regjeringa seier at det ikkje er hensiktsmessig å tidfeste gjenopninga, men meiner at Trinn 2 vil kunne ta til i siste halvdel av mai.

Nye tilskotsordningar for frivilligheit og idrett som følgje av covid-19
29.03.21
Forskrift om tilskotsordning til frivilligheita er todelt.
- Tilskot for dei som har mottatt momskompensasjon i 2020.
- Tilskot i samband med arrangement eller aktivitetar for frivillige organisasjonar.
Ordninga gjeld for arrangement eller aktivitet i perioden 1. januar 2021 til og med 30. juni 2021. Alle som er registrerte i Frivilligregisteret kan søke.

05.03.21
Ordninga gjeld for kulturarrangement i perioden 1. januar til og med 30. juni 2021 og skal stimulere til gjennomføring av arrangement i kultursektoren innanfor smittevernpålegg og hjelpe kultursektoren gjennom å stimulere til auka aktivitet i heile kulturarrangementets verdikjede.
NB: Denne ordninga gjeld berre for søkjarar som ikkje har mottatt 60 prosent eller meir av sine inntekter frå offentlege tilskot i 2019.
Ordninga har fleire søknadsfrister. Svar på søknaden kan ventast ca. to veker etter søknadsfrista.

Praktisering av smitteverntiltak for kultur-, idrett- og frivillighetsfeltet
25.02.21
Her finn du spørsmål og svar om praktisering av smitteverntiltak for kultur-, idrett- og frivillighetsfeltet.

Oppklaring av misforståelse i kompensasjonsordningen for kultursektoren
23.02.21
Ei misforståing kunne ha gitt underleverandørane mindre kompensasjon enn det som var tiltenkt. Dette vert no retta opp i.

Stimuleringsordning for kulturlivet
19.02.21
Opninga av søknadsskjemaet for stimuleringsordninga våren 2021 vert utsett med nokre dagar. Kulturrådet ventar på beskjed frå Kulturdepartementet, og seier dei kjem tilbake med meir informasjon så snart dei kan.

Endring i kravet om fastmonterte seter
19.02.21
I pressekonferanse i dag kunngjorde Regjeringa endringar i dei nasjonale smitteverntiltaka. Endringane gjeld frå midnatt, natt til tirsdag 23. februar. Regjeringa vil gjera ei ny vurdering av tiltaka i midten av mars.

Vidareføring av nasjonale tiltak
19.02.21
Regjeringa vidarefører dei nasjonale smittevernreglane. Det vert nokre lettingar for barn og unge. Endringane gjeld frå midnatt, natt til tirsdag 23. februar. Regjeringa vil gjere ei ny vurdering av tiltaka i midten av mars.

Arbeidsgruppe skal gje innspel til gjennomføring av sommerarrangement
16.02.21
Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja har opretta ei hurtigarbeidande arbeidsgruppe som skal gje innspel til helsemyndigheitene og regjeringa på korleis sommarens store utandørsarrangement kan gjennomførast i tråd med gjeldande smittevernreglar.

No må vi jobbe saman for å opne kulturlivet
01.02.21
Med unntak av øvingar for barn og unge har musikklivet vore stengt ned sidan nyttår. Norsk musikkråd meiner det må opnas for aktivitet i kommunar som har smittesituasjonen under kontroll, og regjeringa bør gjera dette ved hjelp av meir regionalt differensierte tiltak og anbefalingar.

-Festivalene kan planlegge å åpne i sommer
28.01.21
Festivaler over hele landet kan fortsette å planlegge for å opne i sommar, ifølge kulturministeren. Kulturdepartementet lagar krisepakke på 350 millioner kroner for å sikre festivalane økonomisk.

Spesifikasjon for smittevern på konsertar og arrangement
13.11.21
Norske Konsertarrangører har i samarbeid med Standard Norge utarbeidd ein spesifikasjon for smittevern på konsertar og arrangement.
Spesifikasjonen er no klar for nedlasting.

Det er fleire tiltak som allereie er på plass og ein del tiltak som er under utarbeiding. Her finns ei samla oversikt over hva regjeringa gjer og kvar ein skal henvende seg for å få svar når det gjelder dei ulike ordningane.

Sikker gjennomføring av musikk- og sceneproduksjon
Spekter og NTO har, i samarbeid med Creo, Norsk Skuespillerforbund, Norske Dansekunstnere, Norsk Tjenestemannslag og Fagforbundet Teater og Scene, utarbeidd ein smittevernrettleiar for musikk- og scenekunstinstitusjonane. Dette er ein generell og overordnet rettleiar, og det oppmodast om at alle verksemder også må utarbeide eigne retningsliner ut i frå sine behov.
Rettleiaren er eit dynamisk dokument der det vil gjerast endringar undervegs når det er behov for det, og når styresmaktene endrar sine tilrådingar og forskrifter.
Eldre artiklar:
Vedrørende ny vurdering av kravet om fastmonterte seter
Vidareføring av dei fleste nasjonale smitteverntiltaka
Nasjonale smitteverntiltak pr. 3. januar
Definisjon av fastmonterte seter
Nei til oppmjuking av omstridt seteregel
Åpent brev til kulturminister Abid Raja fra arrangører av konserter og turneer jula 2020
Alvorlige og unødvendige konsekvenser av justerte smittevernrestriksjoner
Definisjon av fastmonterte seter
Regjeringa tilpassar ordningane for kultursektoren i lys av smittesituasjonen.
Oslo Kommune forlenger gjeldande smitteverntiltak fram til 14. desember.
Stimuleringsordning for kulturlivet
Oversikt over nasjonale tiltak fra 5. november
10. november 2020: Ny krisepakke: Kompensasjon for bedrifter og arrangementsstøtte
KULTURRÅDET: – Regjeringens støtteordninger må fortsette så lenge restriksjonene varer
Karanteneplikt, og unntak, ved arbeid i utlandet
Norsk Kulturråd: Informasjon til kulturlivet om koronasituasjonen
Norsk Kulturråd: Krisetiltak i samband med koroasituasjonen
CREO: Spørsmål knytt til koronakrisa
CREO: Sjølvstendig næringsdrivande og dagpengar
CREO: Stortingets tiltakspakke i samband med koronapandemien
CREO: Svar på spørsmål kring kompensasjonsordninga for sjølvstendig næringsdrivande og friliansarar.
Ta gjerne kontakt med oss!
Rådgjevar for lokallag og folkemusikkarrangørar
Solfrid Nestegard Gjeldokk
solfrid@folkorg.no
Tlf: 415 52 655
–
Linda Dyrnes
Dagleg leiar
linda@folkorg.no
Tlf: 481 05 075
