Aktivitetstilskotet frå FolkOrg er ei samanslåing av dei tidligare ordningane Aktivitetstilskot, Rekrutteringssøtte og Danseaktivitet. Søknadsfristen var 15. april.
Kven kan søkje?
– Enkeltmedlemer, lokallag, områdelag og arrangørar som er medlemer i FolkOrg
Ordninga støttar:
– Lokale folkemusikk- og folkedansaktivitetar
– Tilskot til prosjekt og tiltak som har fokus på aktivitet, rekruttering og/eller opplæring
– Aktiviteten skal vera open og inkluderande
– Tiltaket skal vera gjennomført innan eitt år
Ordninga støttar ikkje:
– Nasjonale arrangement
– Prosjekt som allereie er avslutta
Økonomisk ramme: kr. 200 000
Øvre søknadsgrense: kr. 15 000
Budsjett:
Søknaden skal innehalde finansieringsplan/budsjett for tiltaket og skal syne både planlagte inntekter og utgifter. Tiltaka bør syne til fleire inntektskilder i form av t.d. stønadsordningar, eigenkapital og billettinntekter/deltakaravgift.
Er du usikker på korleis du skal sette opp budsjettet? Klikk her for å sjå eksempel på budsjett!
Både einskildpersonar, lag og arrangørar kan være medlem i FolkOrg.
Du kan lese meir om medlemskap her: Meld deg inn i FolkOrg
Søknad sendast inn ved å nytte skjema nedst på denne sida.
Søknadsfrist: 15.april 2023
Rapport skal sendast inn når tiltaket er avslutta, seinast 1. mai 2024.
Rapporten skal kort omhandle:
- Korleis tiltaket vart gjennomført
- Resultatet av tiltaket
Har du spørsmål? Ta kontakt med Solfrid Gjeldokk, solfrid@folkorg.no,
tlf: 415 52 655
–
Tidlegare tildelingar:
Aktivitetstilskot 2022
Rekrutteringstilskot 2022
Aktivitetstilskot 2021
Rekrutteringstilskot 2020
Danseaktivitet 2019