Har du eller lokallaget ditt lyst til å bidra til aktivitet i nærmiljøet? No kan du søkje om Aktivitetstilskot for 2022. Søknadsfrist 15. april.

Lokal aktivitet i heile landet!
Aktivitetstilskot frå FolkOrg vart oppretta i 2021 og har som føremål å bidra til lokale arrangement og lokal aktivitet i heile folkemusikk og folkedansmiljøet.

Ordninga stør både store og små folkemusikktiltak, og ein kan søkje tilskot til alt frå konsertar, kurs, dansefest, songstund, speltreff og mykje meir. Her er det berre fantasien som set grensene!

Kanskje de har planar utandørs speløving, konsert på ein fjelltopp, hallingdans i skogen, lokalkappleik på grendahuset eller minifestival på låven? Kanskje finnast det i lokalmiljøet folkemusikk- og dansetradisjonar frå andre land som de kan bli betre kjend med?

Vi håpar at ordninga vil bidra til mange flotte og inkluderande tiltak, for både nye og gamle folkedans- og folkemusikkentusiastar i alle aldrar, rundt om i heile landet.

Den totale potten er på kr. 300 000,-

Kven kan søkje? 
– Enkeltmedlem, lokallag, områdelag i FolkOrg kan søkje på denne ordninga.

– Festivalar og arrangørar som er medlem i FolkOrg kan søkje om stønad til aktivitetar som fell utanom den ordinære drifta, og oppmodast til å samarbeide med lokallaga i området.

Ordninga støttar ikkje:
– Nasjonale arrangement.

Både einskildpersonar, lag og arrangørar kan være medlem i FolkOrg.
Du kan lese meir om medlemskap her: Meld deg inn i FolkOrg

Søknadsfrist: 15. april

Kva slags aktivitet kan ein søkje støtte til? 

  • Det kan søkjast om stønad til lokale folkemusikk- og folkedansaktivitetar
  • Tiltaket skal gå føre seg i 2022
  • Aktiviteten skal vera ope og inkluderande

Kva skal søknaden innehalde? 

  • Søknaden skal innehalde ei tydeleg skildring av aktiviteten/tiltaket
  • Søknaden må ha budsjett for tiltaket. Ved honorering av innleigde artistar og instruktørar, bør det budsjetterast med Creo sine satsar. Les meir om satsane her: https://creokultur.no/lonn-og-arbeidsvilkar/frilanssatser/
  • Søknaden sendast inn ved å nytte skjemaet lengre nedst på denne sida.

Budsjett
Søknaden skal innehalde finansieringsplan/budsjett for tiltaket og skal syne både planlagte inntekter og utgifter. Tiltaka bør syne til fleire inntektskilder i form av t.d. stønadsordningar, eigenkapital og billettinntekter/deltakaravgift.

Er du usikker på korleis du skal sette opp budsjettet? Klikk her for å sjå eksempel på budsjett!

Rapportering
FolkOrg ønskjer ein enkel rapport innan 01.02.2023 som seier noko om korleis arrangementet gjekk, kor mange som var der og korleis arrangementet gjekk økonomisk.