Har du eller lokallaget ditt lyst til å bidra til aktivitet i nærmiljøet? Kanskje de har ønskje om å arrangere lausdans på torget, ein minikonsert, eit songkurs eller ein kappleik? No kan de søkje om aktivitetstilskot frå FolkOrg!

Lokal aktivitet i heile landet!
FolkOrg håpar på ein sommar fylt med mange lokale arrangement over heile landet. Vi ønskjer at det skal blomstre i landets folkemusikk og folkedansmiljø, sjølv om det i år diverre ikkje vert landskappleik og landsfestival.

Kanskje er det nettopp i år at vi skal få med naboane på utandørs konsert, heile spelemannslaget på øving på ein fjelltopp, hallingdans i skogen, krukekonkurranse på Karl Johan, songstund på sjukeheimen, lokalkappleik på grendahuset eller minifestival på låven? Kanskje finnast det i lokalmiljøet folkemusikk- og dansetradisjonar frå andre land som de kan bli betre kjend med?

Vi håpar at ordninga vil bidra til mange flotte og inkluderande tiltak, for både nye og gamle folkedans- og folkemusikkentusiastar i alle aldrar, rundt om i heile landet.

Kven kan søkje? 
– Enkeltmedlem, lokallag, områdelag i FolkOrg kan søkje på denne ordninga.

-Festivalar og arrangørar som er medlem i FolkOrg kan søkje om stønad til aktivitetar som fell utanom den ordinære drifta, og oppmodast til å samarbeide med lokallaga i området.

Ordninga støttar ikkje:
– Nasjonale arrangement.

Både einskildpersonar, lag og arrangørar kan være medlem i FolkOrg.
Du kan lese meir om medlemskap her: Meld deg inn i FolkOrg

Søknadsfrist: 15. april

Kva slags aktivitet kan ein søkje støtte til? 

  • Det kan søkjast om stønad til lokale folkemusikk- og folkedansaktivitetar
  • Ordninga støttar primært aktivitet i perioden 1. mai – 1.oktober 2021
  • Aktiviteten skal vera ope og inkluderande

Kva skal søknaden innehalde? 

  • Søknaden skal innehalde ei tydeleg skildring av aktiviteten/tiltaket
  • Søknaden må ha budsjett for tiltaket. Ved honorering av innleigde artistar og instruktørar, bør det budsjetterast med Creo sine satsar. Les meir om satsane her: https://creokultur.no/lonn-og-arbeidsvilkar/frilanssatser/

Rapportering
FolkOrg ønskjer ein enkel rapport innan 01.11.2021 som seier noko om korleis arrangementet gjekk, kor mange som var der og korleis arrangementet gjekk økonomisk.

Korona
Tiltak som har motteke stønad får behalde midlane sjølv om den planlagde aktiviteten vert utsett eller endra grunna restriksjonar knytt til koronapandemien. Midlane må då omdisponerast i samråd med FolkOrg.