Regjeringa vidarefører dei nasjonale smittevernreglane. Det vert nokre lettingar for barn og unge. Endringane gjeld frå midnatt, natt til tirsdag 23. februar. Regjeringa vil gjere ei ny vurdering av tiltaka i midten av mars.

FRITIDSAKTIVITETER:
19.02.21:

  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei er unnateke frå anbefalinga om ein meters avstand når det er naudsynt for å drive med aktiviteten.
  • Barn og unge under 20 år kan delta i idrettsarrangement som samlar deltakere frå same kommune. Innandørs kan det vere inntil 50 personar på slike arrangement. Utandørs er grensa 200, og det inkluderar utøvarar, trenarar, dommarar og eventuelle tilskodarar.
  • Styresmaktene vidarefører nasjonal anbefaling om å utsette innandørs fritidsaktivitet for vaksne. Utandørs kan det gjennomførast fritidsaktivitet for vaksne dersom det er mogeleg å halde god avstand.

ARRANGEMENT:

  • Maksimalt 100 personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement og seremoniar.
  • Kravet om fastmonterte plasser erstattast med krav om faste, tilviste sitteplassar
  • Kulturarrangement må utsettast dersom desse samlar personar frå fleire kommunar. Dette omfattar arrangement både inne og ute.
  • 200 personer på utandørs arrangement som ikkje er privat sammankomst, likevel 600 personar der alle i publikum sit på tilviste plassar.
  • Det vert synleggjort i regelverket at medlemsmøte, inkludert møte i foreiningar og liknande reknast som arrangement (nytt).

 

Les meir på Regjeringa sine heimesider.