Attende til full rangering på tevlingar, same poengskala for alle tevlingar, gjennomgåande medlemsskap, ny langtidsplan og nyvald styre var noko av det som vart bestemt på FolkOrg sitt landsmøte i Oslo i helga.

76 røysteføre utsendingar frå 50 lokal- og områdelag samt fleire inviterte gjester var samla på Økern i Oslo denne helga, for å diskutere og avgjerda framtida til FolkOrg.

Helga blei innleia av områdelagsmøte på fredag der erfaringsutveksling stod på planen. I tillegg hadde Nils Seland hadde ei kort presentasjon om Saffa sitt arbeid om å få oppretta ei heitidstilling for folkemusikk og folkedans i Akershus.

Laurdagen vart opna med eit inspirasjonsseminar med fokus på frivillighet og rekruttering! Innleiarane der var Unni Boksasp fra Tinn Spelemannslag, Kirsti Aksnes frå Bygdalarm og Kjærsti Gangsøe frå Vågå Spel- og Dansarlag.

Alle som var tilstades kan nok skrive under på at det kribla i både kreativiteten og lysten etter å arrangere flotte aktivitetar, både på lokalt og nasjonalt plan, etter vitamininnsprøytinga frå innleiarane!

Seminaret var fulgt opp av ein politikardebatt, der Trine Skei Grande frå Ventre, Arild Grande frå Arbeiderpartiet, Marianne Nordli frå Fremskrittspartiet og Ivar Odnes frå Senterpartiet deltok. Det vart gitt gode innspel til korleis fleire barn og unge kan sleppe til og korleis vår kulturarv kan ivaretas, utveklas og synleggjeras i Noreg og internasjonalt. Vi håper og trur at politikarane følger opp lovnadene dei ga, og vi ser fram til vidare godt samarbeid i tida som kjem.

Vågå spel- og dansarlag er Årets lokallag 2017!

Laurdag kveld vart prisen for Årets lokallag delt ut. Vinnar i år vart Vågå Spel- og dansarlag, for sin innsats som ein betydeleg kulturell aktør i lokalmiljøet sitt. Les meir om vinnaren her! Seinare på kvelden fekk utsendingane, gjestar og andre oppmøtte danse til herlig spel frå Østerdølenes Spellmannslag!

Landsmøtet 2017

Opninga av sjølve landsmøtet var det Unge folkemusikarar i Oslo som stod for, under leiing av Mari Skeie Ljones. Dag to stilte styremedlemer og folk fra adminstrasjonen med kulturelt innslag i form av FolkOrg spelemannslag til stor glede for dei frammøte, ein tradisjon som vi lyt halde fram med! Landsmøtet gjekk føre seg både laurdag og sundag og her er nokre av sakene som stod på agendaen.

Tevlingsreglement – rangering, poengskala og munnlege attendemeldingar

Store endringar i tevlingsregelementet for Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk vart prøvd ut sommaren 2016.

Endringane førte til eit stort engasjement i folkemusikkmiljøet, og det vart sett ned ei ekstern arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å evaluere dei endringane som vart gjort. Arbeidsgruppa bestod av Pernille Hansen, Mette Vårdal og Laura Ellestad. Dei utarbeidde ei spørjeundersøking som var tilgjengeleg på nettsida til FolkOrg i september, analyserte attendemeldingane og kom med ei tilråding til styret. Rapporten deira (som du kan lese her) var grunnlag for styret sitt framlegg til vedtak i saka:

Vedtaket frå Landsmøtet 2017 vart:

  • Alle klassane på Landskappleik og Landsfestival i gammaldansmusikk skal rangerast fullt ut, med unntak av pardans på Landsfestivalen i gammaldansmusikk og open klasse på begge arrangementa.
  • Tilbodet om dommarkommentarar til C-klassingane/juniorane vert ikkje vidareført.
  • Den nye poengskalaen vert ført vidare for alle klassane på begge arrangementa.

> Oppdatert tevlingsreglement finn du her!

Gjennomgåande medlemsskap – endring i vedtekter

Landsmøtet vedtok å gå attende til gjennomgåande medlemsskap i FolkOrg, men med ei områdingstid på inntil 3 år for dei områdelaga det gjeld.

> Oppdaterte vedtekter finn du her!

Nye særskilde satsingar for perioden 2017-2019

Langtidsplanen for FolkOrg inneheld verdigrunnlaget, visjon og mål frå den tidlegare planen. Dei særskilde satsingsområda i den kommande perioden er arbeidet med rekruttering, informasjon, synlegheit og formidling internt og eksternt, folkedans og det profesjonelle feltet.

> Her kan du sjå kva FolkOrg skal arbeide med dei neste åra!

Ny styreleiar og nye folk inn i styret og nemnder

Søndagen vert runda av med val, og denne gongen vart det mykje utskifting. Per Øyvind Tveiten har sittet som leiar no i fem år og valde i år å gje stafettpinnen vidare til Hilde Reitan. Tveiten fekk ein varm applaus fra landsmøte etter å ha fått takk for innsatsen frå dagleg leiar, Linda Dyrnes.

Kort om vår nye styreleiar Hilde Reitan

Hilde er født i Oslo med røter frå Rendalen og har vore busett i Vågå frå 2007 der ho arbeider som kommunalsjef i Skjåk kommune. Ho var med da Østerdalsringen blei etablert i Oslo på midten av 60-talet og debuterte i fele kl. C på landskappleiken på Oppdal i 1974. Ho har vore medlem i Østerdølenes spelemannslag i 25 år og no i Vågå spelemannslag i om lag 10 år. Ho har lang fartstid som tillitsvald i mellom anna Hedmark Folkemusikklag, Østerdølenes spelemannslag, Vågå spel- og dansarlag, Landslaget for spelemenn og i FolkOrg. Ho har óg vore dommar på Landskappleiken og Landsfestivalen fleire gonger i tillegg til lokal- og distriktskappleikar, samt jurymedlem i Spelemannsprisen.Ein audmjuk Reitan takka for tilliten, og sa at ho gleda seg til å ta fatt på arbeidet som styreleiar!

Det nye styret i FolkOrg er slik:
Styreleiar: Hilde Reitan
Nestleiar: Helene Myklemyr Bolstad
Nestleiar: Camilla Granlien
Styremedlem: Thor Hauknes
Styremedlem: Kjellbjørn Karsrud
Styremedlem: Kristian Ihle Hanto
Styremedlem: Silje Solberg
1. vara: Thomas Nilssen
2. vara: Helene Høye
3. vara: Ole Erik Feragen

Fagutval for yrkesutøvarar er etter landsmøtet 2017 samansatt slik:
Ingebjørg Longvik Reinholdt
Britt Pernille Frøholm
Ole Nilssen

Det vart diskutert om ein skulle halde fram med å ha ei tilsynsnemnd, men landsmøtet landa på å velje tilsynsnemnd også for den kommande perioden

Tilsynsnemnda er slik:
Arne M. Sølvberg
Tor Stallvik
Randi Skeie

Valnemnda er slik:
Torunn Raftevold Rue
Aslak O. Brimi
Jan Kåre Bjørkås

> Protokoll frå Landsmøtet 2017 finn du her

Bilde av styreleiar Hilde Reitan. Foto: Thor Hauknes