I Vågå vert Landskappleiken arrangert frå 26. juni – 30. juni.

Under Folkemusikktreffen i Vågå i helga, vart det kjent at Vågå spel- og dansarlag tek på seg Landskappleiken att i 2019. Landskappleiken 2019 har vore utlyst våren og hausten 2017, men det var lita interesse for å ta på seg arrangementet. Vågå vart tildelt arrangementet på første styremøte i FolkOrg 2018.

Gjennomfører etter same mal som tidlegare
Som ved tidlegare arrangement i Vågå, kjem Vågå kulturhus og Vågåhallen til å verte nytta som tevlingsarena, med øvingsrom og kappleikskontor i kort avstand frå arenaene som ligg i Vågå sentrum. Vågå har ulike overnattingsmogelegheiter med hotell og hytter, og det skal også leggast til rette for andre overnattingstilbod.

Kappleiken vil bli gjennomført etter same mal som i 2016. Kjærsti Gangsø var hovudnemndsleiar for Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2012, Landskappleiken 2016, og går på att som leiar for Landskappleiken 2019:

 «Det er utrolig fint å være arrangør av LK og LF. Motiverende, lærerikt, det engasjerer og det er gøy. Vi går på et nytt arrangement fordi det var behov for en arrangør, men mest fordi vi har lyst. Akkurat nå føles det veldig lenge til, så vi er rimelig tilbakelente. Men av erfaring vet vi at arbeidslysten kommer – så det blir nok mer fart i oss etter hvert. Uansett; vi gleder oss. Velkommen til Vågå neste år”.

Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, er usikker på om det hadde blitt kappleik i 2019 dersom Vågå ikkje hadde tatt det på seg arrangementet:

”Tusen takk til Vågå spel- og dansarlag og til kappleikgeneral, Kjærsti Gangsø, som nok ein gong har teke på seg ansvaret med å arrangere Landskappleiken, berre 3 år etter førre gongen!  Hadde dei ikkje vore så sporty, er eg redd  Landskappleiken ikkje hadde  blitt arrangert i 2019.

 Det er femte  gongen Landskappleiken blir arrangert i Vågå, fyrste gongen allereie i 1964, deretter i 1996, 2002 og sist i 2016. Vågå har òg stått som arrangør av Landsfestivalen tre  gonger, sist i 2012. Det er difor eit erfarent arrangørlag som skal skipe til sjølvaste storstemnet for folkemusikk- og danseinteresserte frå heile landet. Vi gler oss til å møtast i Vågå i 2019.”

Meir informasjon om Landskappleiken 2019 vert tilgjengeleg på FolkOrg si nettside og www.landskappleiken.no etter kvart.