Tilbodet starta opp i 2004, og rettar seg mot folkemusikarar som har gjennomført nybyrjaropplæring i heimmiljøet sitt, og som ønskjer å utvikle seg vidare som utøvande musikarar.

Folkemusikksenteret i Buskerud har i ei årrekkje hatt det eineståande tilbod Talentskulen for unge utøvarar på hardingfele. Tilbodet starta opp i 2004, og rettar seg mot folkemusikarar som har gjennomført nybyrjaropplæring i heimmiljøet sitt, og som ønskjer å utvikle seg vidare som utøvande musikarar. Talentskulen vert støtta økonomisk av Buskerud fylkeskommune, KOMP og Rff. Mange ti-tals elevar har hausta nyttig lærdom av å ta del i undervisninga opp gjennom desse åra.

Talentskulen 2016/2017
Talentskulen 2016/2017 vart gjennomført i løpet av fem helgesamlingar med i alt ti hardingfeleelevar. Prosjektlærar for Talentskulen var Lars- Ingar Meyer Fjeld, som deltok som hovudlærar for alle samlingane. Han har vore engasjert som prosjektlærar frå 2014- 2016. Gjestelærarar for Talentskulen var Gro Marie Svidal, Anne Hytta, Øyvind Brabant og Steinar Størm, alle A-klassespelemenn.

Det var i alt ti elevar som deltok; Tone L Bergen, Marianne Trøseng Bjørnsrud, Sindre Tronrud, Jørgen Andrisson Kvam, Ingrid Svennæs, Audun Rørmark, Eivind Tanche-Larsen Knutsen, Tone Anne Tveiten, Birgit Haukås og Cecilie Skrindo. Dei representerer fem ulike tradisjonsområder innan folkemusikken; Telemark, Numedal, Hallingdal, Valdres og Setesdal. Dette var med på å skape et stort mangfold i utvekslingen av musikk og tradisjoner. Lydtekniker Even Grimeli fra Krøderen var engasjert som lydtekniker under samlingane, der elevene gjorde opptak i Folkemusikksenterets eige studio. Folkemusikkonsulent Åshild Wetterhus administrerte kurset i regi av Folkemusikksenteret i Buskerud.

Samlingane 2016/2017
Den første samlinga vart arrangert i september, der elevene fikk møte Gro Marie Svidal fra Jølster i Sogn og Fjordane. Elevene jobba med det sceniske aspektet i samband med formidling av slåttespelet, blant anna ved å framføre same slåtten for ulike målgrupper. Elevane lærte også ein springar frå Jølster. På laurdagskvelden tok Talentskolen turen til forsamlingslokalet Høgheim i Lyngdal på konsert med Pål Bratås med gjester, der dei sjølv deltok med dansespel etter konserten.

I november var det Anne Hytta frå Telemark som gjesta Folkemusikksenteret og Talentskolen. Tema for samlinga var å spele en slått på forskjellige måtar og med ulike uttrykk. Anne lærte bort Kolsrud- slåtten og «Førespel etter Stein Løndal» til Talentskule- elevane. Etterpå jobba hun med forskjellige variasjonar innan et vek under ein til ein- undervisning. Undervisninga hadde fin balanse mellom reint spel og forteljingar knytt til slåttematerialet. Hun tematiserte korleis ulike spelemenn framfører same slått ulikt.

Talentskulen fekk besøk av hallingdølen Øyvind Brabandt på den tredje samlinga i februar. Øyvind lærte bort «Halling etter Gudbrand Østen», som seinare vart brukt under avslutningskonserten under Folkemusikkveka på Ål.

Den fjerde samlinga i april vart lagt til Jondalen i høve Buskerudkappleiken. Same helg arrangerte Buskerud Folkemusikklag den årlege Ungdomssamlinga si, og dei tre arrangementa vart alle gjennomført der. Dette var med på å gje de unge utøvarane kappleikserfaring, og mogelegheit til å knytte kontakt med andre ungdommar i folkemusikkmiljøet i Buskerud. Talentskulen hadde eigne øvingsøkter i løpet av helga med Steinar Strøm frå Sigdal. Han fokuserte på slåttelæring og kjelder i forhold til slåttematerialet. I tillegg opptredde elevane for deltakarane på Ungdomssamlinga, og fleire av elevane stilte som deltakarar på kappleiken laurdag.

Avslutningskonsert på Ål
Tradisjon tru blei avslutningskonserten for Talentskulen ”Fele til frukost” helden under Folkemusikkveka på Ål, eit samarbeid som har pågått over mange år. Dei som deltok under konserten på Pensjonatet i Ål var Eivind Tanche-Larsen Knutsen, Tone Anne Tveiten, Birgit Haukås og Jørgen Kvam. Prosjektlærar Lars-Ingar Meyer Fjeld leia konserten.

Talentskulen 2017/2018
Prosjektlærar for Talentskulen 2017/2018 er Gro Marie Svidal, som tidlegare har vore gjestelærar i fleire omgangar. Gro Marie er utdanna hardingfeleutøvar frå Ole Bull Akademiet og Noregs Musikkhøgskule, og arbeider i dag som frilansar innan både musikk, dans- og teaterfeltet. Ho har også brei erfaring som utøvar, komponist, produsent og instruktør for born og unge. I 2014 vann ho spel hardingfele kl. A på Landskappleikenpå Geilo. I januar slapp Gro Marie si andre soloplate, og ho vart nyleg tildelt arbeidsstipend i Sogn og Fjordane.

Talentskulen er godt etablert og vil halde på i åra framover. Det er av svært stor verdi å legge til rette for at unge utøvarar kan samlast og skape eit miljø der dei delar musikkglede og opplevingar. Ungdommane knyt på denne måten varige band på tvers av kommune- og fylkesgrensene. Dei er også privilegerte som får møte eit handplukka utval av dei ypperste utøvarar på feltet. Disse faktorane gjev ei unik ramme for utvikling hos den enkelte, både musikalsk, faglig og sosialt.