Årets Landskappleik vert arrangert på Røros frå 5.–9. juli. I år er det 1208 deltakarar fordelt på 403 startnummer som skal i elden i løpet av dei fem kappleiksdagane i Bergstaden.

– Landskappleiken har dei siste åra hatt eit stabilt høgt deltakartal som har auka jamt. I år er deltakartalet lågare enn på lenge, og det kan vere både på grunn av kollisjonen med Førdefestivalen, som har nordisk tema for festivalen sin i år, men også fordi kappleiken vert arrangert seinare enn vanleg. I år er det til dømes 12 færre lag som deltek samanlikna med i fjor, noko som fører til at det samla deltakartalet vert merkbart lågare, sidan det er i lag-klassane det er flest deltakarar i.  Det er også færre startnummer enn åra før, men det er jamt over stabil deltaking i dei fleste klassane. I juniorklassane er det god deltaking i dei fleste klassane, slik det også har vore i åra før. Det er ekstra artig med klassa Vokal B som har heile 26 deltakarar!

Kongepokal i dans hardingfele kl. A
Eit av høgdepunkta vert A-klassen (eliteklassen) i dans hardingfele, som er den klassen H. M. Kongen har sett opp kongepokal i i år. Det er 8 år sidan det vart tevla om kongepokal i dans hardingfele sist, og på Røros er det 22 par som har meldt seg på for å kjempe om pokalen. Finalen går av stabelen laurdagskvelden under Landskappleiken, og det vil då bli avgjort kven som stikk av med dette gjeve trofeet.

Nyhus og Nyhus på Vintervoll, og bestillingsverk ved John Ole Morken
I tillegg til konkurransane vert det også fleire konsertar under Landskappleiken med lokale utøvarar. Ein av konsertane er ”Heggligubbens siste polsdans”, som er eit bestillingsverk av John Ole Morken til Røros Folk Festival 2016. Det er også sett opp to konsertar med legenden Sven Nyhus og dottera Åshild Breie Nyhus på Vintervollen like sør for Glåmos.

Det er gjort nokre endringar mtp. kva salar dei ulike klassene er i, samt at tidane er flytta noko på. Sjekk ut oppdatert tevlingsplan her: