I sommar vart eit nytt kappleiksreglementet prøvd ut på Landsfestivalen og Landskappleiken. Vi ønskjer no ei attendemelding på desse endringane. Svarfrist er 12. oktober.

I styremøtet i mars i år fatta styret i FolkOrg eit vedtak om endring av kappleiksreglementet:

Styresak 2016/20     
Resultat av spørjeundersøking om poenggjeving og rangering på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk

Vedtak: Styret i FolkOrg vedtok desse endringane som eit resultat av spørjeundersøkinga om poenggjeving og rangering på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk:

  1. FolkOrg innfører same poengskala i alle klassar og på både Landskappleik og Landsfestival i gammaldansmusikk.
  2. Den øvste 1/3 av deltakarane rangerast med poengsum, resten vert ikkje rangert.
  3. Deltakarane i C-klassane kan få munnleg attendemelding frå dommarane om dei ønskjer det. Dommarane blir samde i formuleringar på førehand, men kan fordele arbeidet med å gje attendemeldingar imellom seg. Dei skal ikkje gi informasjon om plassering på dei som ikkje vart rangert.

Endringane vart prøvd ut under sommarens arrangement, og vi ønskjer no ei attendemelding på korleis de opplevde desse endringane. Ei uavhengig arbeidsgruppe har utarbeida undersøkinga og dei vil også analysere resultata av ho og kome med ei tilråding til styret. Styret vil så løfte saken opp på landsmøtet i FolkOrg 28.-30.april 2017.

Var du dommar på årets arrangement, vil du i tillegg få tilsendt ei eiga undersøking.

Vi oppmodar så mange som mogleg å svare på undersøkinga innan fristen 12.oktober.

Spørjeundersøking om det nye kappleiksreglementet:

Klikk her for å kome til spørjeundersøkjinga