Folkemusikktrioen Felefylgje spelar heile 20 konsertar i Hardanger og på Voss i juli.

Marta Lindvik frå Hallanger, Åshild S. Ljones frå Ulvik og Amalie Kinsarvik Tvilde frå Kinsarvik har ein sommarjobb noko utanom det vanlege. Felefylgje spelar heile 20 konsertar i juli. Kvar tysdag spelar dei to konsertar på Hardanger Folkemuseum på Utne, og skal også innom Agatunet, Gløyp i Kinsarvik, Hallanger og ulike museumsavdelingar i Kvam og på Voss. Trioen er sett saman av hardingfela.no, eit folkemusikkprosjekt som er eigd av Hardanger og Voss Museum og Ole Bull Akademiet.

Folkemusikken i reiselivet

Direktør ved Hardanger og Voss Museum Randi Bårtvedt og fleire med ho har eit sterkt ynskje om å formidla meir folkemusikk og folkedans på dei ulike museumsavdelingane og ellers i regionen, fortel prosjektkoordinator Rannveig Djønne. – Me starta litt i fjor sommar og fekk med oss tre flotte utøvarar og gode ambassadørar for sjangeren. Heldigvis så ville dei vera med oss i år også, og turnéplana har definitivt vorte lengre. Interessa og publikumsmengda vert større og større, og tilbakemeldingane er særs gode. Men me ser at me kan nå endå breiare ut, og ynskjer å invitera til samarbeid med reiselivet og næringslivet i regionen vidare framover. Særs mange både tilreisande og lokale ynskjer kunnskap om kulturarva vår, og då er jo folkedansen og folkemusikken ein naturleg del av kva me kan tilby.

 

Felefylgje med Noregsmeister

At det er gode utøvarar som er med i Felefylgje synte mellom anna Landskappleiken på Røros forrige helg. Toradarspelaren Amalie Kinsarvik Tvilde fekk eit par dagar fri frå turneringa, køyrde til Røros, vart Noregsmeister i durspel junior og køyrde heim att for å spela endå fleire konsertar. – Amalie er eit unikt talent som er ein av fleire unge vestlendingar som verkeleg satsar på toradaren, seier Rannveig Djønne. I ein alder av 16 år så flytta ho frå Kinsarvik til Vinstra for å gå på vidaregåande folkemusikklinje der. Då er du verkeleg dedikert. Det gjer det ekstra kjekt å jobba med Felefylgje når ein ser at ein kan bidra litt i høve musikalsk utvikling. Sommarjobben i Felefylgje er verkeleg mengdetrening i både speling og formidling.

Spanande samarbeid med Haugesenteret

Felefylgje har vorte utfordra av Haugesenteret i Ulvik til å laga ein heilt ny konsert til 18. august i anledning at det er 109 år sidan at Olav H. Hauge vart født. Dei skal få prøva seg som komponistar med utgangspunkt i Haugetekstar og ellers nytta tradisjonelt materiale med eigne vriar. Konserten vert i Heradsstyresalen i Ulvik som tek kun kring 70 personar så er er det lurt å vera tidleg ute med billettbestillinga.